Næringsliv
Vi er stolte av å tilby juridiske tenester av høg kvalitet som dekkjer dei fleste behova i næringslivet. Hos oss er kvalitet, tilgjengelegheit og rask levering våre fremste prioriteringar.
Med røter tilbake til 1990 og starta som eit advokatfellesskap med tre frittståande advokatar, har vi vokse til å bli det største advokatfirmaet i Sogn og Fjordane. Våre erfarne advokatar har brei kompetanse innan ulike bransjar og rettsområde, noko som gjer oss i stand til å handtere store og krevjande oppdrag med sikte på å finne dei beste løysingane for våre kundar.
Med kontor i Sogndal, Førde og Florø er vi godt plassert for å bistå næringslivet i heile regionen. Vi er din lokale partnar i ei spennande utvikling, og vi jobbar målretta for å oppfylle våre kjerneverdiar om å vere seriøse, imøtekommande og kvalitetsbevisste.
Vårt fokus er å være ein god samtalepartnar slik at vi saman kan finne dei rette løysingane for deg og di bedrift. Vi tilbyr spesialisert juridisk rådgiving på konkurransedyktige vilkår, og er klare til å hjelpe deg med dine juridiske behov.
Vi har samarbeidsavtale med NHO.
Tenester
Arbeidsliv
Avtaler og kontrakter
Immaterialrett og opphavsrett
Insolvens, konkurs og restrukturering
Selskap og transaksjonar
Tvisteløysing og mekling
Våre forretningsadvokatar
Tlf.: 91 35 93 29
Tlf.: 97 69 72 51
Tlf.: 91 64 40 35