Ny totalentreprisestandard NS 8408 og NS 8418
Den nye totalentreprisestandarden NS 8408 vart publisert 22. desember 2025. Den nye totalunderentreprisestandarden NS 8418 vart publisert 26. januar 2026.
Dette er standardar det er verdt å kjenne til og sjå nærare på.
NS 8408/8418 er utvikla for dei største totalentreprisane innan anlegg. Dei har omfattande reguleringar knytt til prosjektstyring og endringshåndtering, og er inspirert av NS 8407 og NTK15.
For dei aller fleste bygge- og anleggsprosjekta vil NS 8407 framleis vere den føretrekte totalentreprisestandarden. Det er òg føresett i NS 8408, der det er klargjort at han er meint brukt for dei største totalentreprisane.
Komiteen har teke nokre grep ved utarbeidinga av desse nye standardane. Det er gjort forbetringar ift. NS 8407 når det gjeld kontraktsvedlegg, varslingsrutinar, regulering av grunnforhold og endringshåndtering.
Mykje kunne vore skrive om NS 8408/8418. Her er nokre svært interessante grep som er tekne:
NS 8408 har ein annan struktur enn NS 8407, og er endå tydelegare på kontraktsvedlegg. NS 8408 har klart definerte vedlegg, slik som arbeidsskildring, vederlag, fristar, administrasjon, byggherre- og entreprenørdokument. På denne måten får ein i større grad rydda unna potensielle usemjer som følgje av uklarleiker, motstrid osv. i og mellom kontraktsdokument. Viktige føresetnader i konkurransegrunnlag, tilbod, avklaringsmøte osv., vert løfta ut og tekne inn i klart definerte kontraktsdokument. Dette er svært ryddig og vil kunne bidra til endå færre usemjer og tvistesakar.
I kontraktsavklaringsfasen er det vanlge å tilrå ein meir presis varslingsrutine enn det som følgjer av NS 8407, ref. at varsel etter NS 8407 kan givast i møtereferat. Varslingar bør skje på ein bestemt måte og i ein klart definert «kanal». Dette har komiteen gjort noko med i NS 8408, der det er føresett at varsel, krav og svar på desse skal setjast fram skriftleg på den måten kontraktens vedlegg fastset. Varslingar, krav og svar i referat vert då ikkje rekna som skriftleg etter NS 8408. Dette er eit svært praktisk grep som er teke.
Eit anna grep i NS 8408 er innføringa av «referansegrunnlag» for grunnforhold og eksisterande forhold. Etter standarden skal byggjeherrens skildring av forhold i og ved grunnen utgjere kontraktens referansegrunnlag. Dette er innført av komiteen for å gjere det klart kva som ligg til grunn av informasjon om grunnforhold. Referansegrunnlaget er eit eige kontraktsdokument som angir kva grunnundersøkingar som er utførte, kva som er undersøkt og ikkje av TE, kva teikningar, kart og innmålingar som er gjorde, kjende røyr og leidningar, osv. På denne måten slepp ein å måtte leite etter informasjon spreidd rundt i konkurransegrunnlag og tilbod. Dette er klart fordelaktig.
Til slutt vil vi nemne at NS 8408 legg opp til ein oppstartsfase etter kontraktsinngåing, der ein har felles prosjektgjennomgang og fokus på bl.a. rutinar for kommunikasjon og samarbeid. Her vert avgjerdslinjer, fullmakter, varslingskanalar, framdriftsrapportering osv. gjennomgått. Dette er òg noko som kan unngå seinare usemjer og tvistar.
Det er verdt å sjå nærare på dei nye standardane, sjølv om dei ikkje vert «kvardagsstandardar».
Sjølv om ein absolutt bør la seg inspirere av NS 8408, bør det ikkje kopierast ukritisk inn i ein NS 8407-kontrakt.
Advokat Kristine Celius
Advokat Kristin Aspevik