Om oss


Advokatfirmaet Tollefsen starta i 1990 som eit advokatfellesskap med tre frittståande advokatar. I dag har firmaet 15 tilsette med lang erfaring frå ei rekke bransjar og rettsområde. Våre advokatar har variert kompetanse og tilbyr god fagleg kvalitet og lokalkunnskap. Dette gjer oss godt i stand til å handtere store og krevjande oppdrag, og finne dei beste løysingane for våre kundar. Næringslivet i regionen er inne i ei spennande utvikling, og med kontor både i Sogndal, Førde og i Florø gjer dette oss sterkare i oppgåveløysinga for klientar i heile fylket. 

Gjennom målretta kvalitetsarbeid og ISO-sertifisering skal vi oppfylle kjerneverdiane i firmaet, at vi er seriøse, imøtekomande og kvalitetsbevisste.

Vi tilbyr spesialisert juridisk rådgjeving på konkurransedyktige vilkår. 

039_Adv.Tollefsen_FHdpi.jpg