Prisopplysing


Advokatfirmaet Tollefsen er underlagt Advokatforeininga sine reglar for god advokatskikk, samt Konkurransetilsynet si forskrift om prisopplysningar for tenester i forbrukarforhold. Som følgje av dette skal klienten ved oppstart av oppdraget, få informasjon om advokatprisar – timepris, korleis salæret blir berekna og rutinar ved fakturering.

Advokatfirmaet Tollefsen har mykje oppdrag frå offentleg og private næringslivskundar. Oppdrag frå næringsliv varierer i omfang og kompleksitet, og timepris vert derfor etter avtale innanfor følgande prisramme:

Rettleiande timeprisar for offentleg og privat næringslivskundar (eksl mva):

Partnar frå kr 3 000.- til kr 3 500.-
Advokat frå kr 2 500.-
Advokatfullmektig frå kr 2 000.-

Timepris for forbrukarar: (Med forbrukarar meinast fysiske personar som ikkje handlar som ledd i næringsvirksomhet, jf markedsføringsloven § 5.)

Timeprisen vil i kvar enkelt sak bli fastsett på bakgrunn av kompleksiteten og arten til arbeidet, erfaringa og kompetansen til advokaten, samt dei verdiar oppdraget gjeld. Prisen er inklusiv alle normale kontortekniske tenester som sekretær, kopiering mm, men særskilde utlegg i anledning saka vil bli fakturert i tillegg.

Rettleiande timepris til forbrukarar (inkl mva):

Partnar frå kr 3 125.-
Advokat frå kr 3 000.-
Advokatfullmektig frå kr 2 375.-

Særskilde utlegg i saka kjem i tillegg

Timeberekninga skjer med utgangspunkt i ei minstebelastning på 15 minutt ved kvar arbeidsøkt i saka. I straffesaker dekkjer retten i dei fleste tilfelle salær for forsvararoppdrag når det er teke ut tiltale i saka. Vidare dekkjer alltid retten salæret i samband med varetektsfengsling. For bistand under etterforsking (før tiltale er teke ut) må klienten som regel sjølv dekkje salæret, men dette kan ein krevja skal erstattast av politiet dersom saka blir lagt bort.

Aksept av oppdrag

Eit oppdrag er ikkje akseptert av oss før vi har skrive ut oppdragsstadfesting, og eventuelt avtalt salærforskot er innbetalt. I saker der advokat blir oppnemnd av retten, er oppdraget akseptert når retten si oppnemning ligg føre. Vi tek ikkje på oss ansvar for oppfylgjing av saker før oppdraget er akseptert.

Forsikringsdekking

Ein del sakstypar kan dekkjast heilt eller delvis av klienten sitt forsikringsselskap under den rettshjelpsdekking som inngår i dei fleste vanlege heimforsikringar. F.eks. er regelmessig tvistar mellom kjøpar og seljar etter bustadomsetjing (avhendingssaker) dekka av partane sine respektive heimforsikringar.


Rettshjelpsforsikring

Mange har teikna forsikringar som inneheld ei rettshjelpsforsikring. Slike forsikringar dekker utgifter til juridisk bistand innanfor gitte økonomiske rammer, men forsikringstakar må betale ein eigenandel.

Når ein tek kontakt med våre advokatar vil det bli gjort ei vurdering av kva timepris som vil gjelde for det særskilde oppdraget. Det vil bli utarbeida ei stadfesting av oppdraget som vil seie noko om timepris ol.

Saman med dei generelle oppdragsvilkåra våre vil dette danna ramma for utføring av oppdraget.

Fri rettshjelp/fri sakførsel

For spesielle sakstypar, samt under føresetnad av at klienten ikkje har for høg inntekt/formue, vil det kunne bli oppnådd  fri sakførsel eller fritt rettsråd, det vil seie at det offentlege dekkjer det alt vesentlege av honoraret/utgiftene. Les meir om dette på Fylkesmannen sine sider. Les meir


Eurojuris har inngått samarbeidsavtale med NHO

Denne avtalen sikrar NHO sine medlemsbedrifter tilgang til forretningsjuridisk bistand av høg kvalitet til rabattert pris.
Med bakgrunn i samarbeidsavtalen kan vi tilby NHO medlemer:

  • Ein time gratis første kontakt.

  • 15% rabatt på gjeldande prisar.

Som medlem av Huseiernes Landsforbund tilbyr vi forbrukarar:

  • ½ time gratis bistand ved første kontakt

  • 20% rabatt på gjeldande prisar

Faglege og etiske retningslinjer

Vi arbeider i samsvar med Advokatforeningen sine reglar for god advokatskikk og forsvararetiske reglar. Les meir på Advokatforeningen sine sider.

Les meir