Public Procurement Act - Nye reglar for offentlege anskaffelsar
Leverer verksemda di varer eller tenester til det offentlege?
EU-kommisjonen la 9. september 2026 fram forslag til nye reglar for offentlege innkjøp som kan endre både kven som får delta i konkurransane, og kva som skal til for å vinne. Forslaget er ei forordning og inneber den største reforma av EU sitt anskaffingsregelverk sidan 2014. Målet er å bruke offentlege innkjøp meir strategisk, ikkje berre regulere korleis konkurransane blir gjennomførte.
For leverandørane kan forslaget få mykje å seie. Korleis blir konkurransane gjennomførte? Kva skal til for å vinne? Kva krav blir stilte til eigarskap, underleverandørar og opphavet til varer? Og når kan kontrakten endrast? Dette er særleg relevant for verksemder som leverer til staten, kommunar, helseføretak og forsyningsverksemder innan energi, vatn, transport og post.
1.Enklare og meir oversiktleg regelverk
1.1. Frå tre direktiv til éi forordning
Public Procurement Act skal erstatte anskaffingsdirektivet (2014/24/EU), forsyningsdirektivet (2014/25/EU) og konsesjonskontraktdirektivet (2014/23/EU). Forsvars- og tryggingsinnkjøp fell framleis utanfor.
Reglane for forsyningssektorane vatn, energi, transport og post blir førte vidare i same regelverket. Det same gjeld konsesjonar, men med eigne tilpassa reglar.
Forordninga er foreløpig berre eit forslag som er sendt ut på høyring med frist for merknader til den 11.11.26. Blir forordninga vedteken, skal ho etter EØS-avtalen artikkel 7 bokstav a gjelde «som sådan» i norsk rett, altså direkte etter sin ordlyd. Norsk regelverk vil då berre vise til forordninga og ikkje tilpasse innhaldet til norsk lovtradisjon og terminologi.
For leverandørane kan likare reglar gjere det enklare å konkurrere i andre EØS-land. Samstundes må norske aktørar venje seg til EU sin struktur og omgrepsbruk. Det kan gjere regelverket vanskelegare å bruke, særleg før norsk praksis gir rettleiing.
1.2 Tre prosedyrar og meir rom for forhandlingar
Oppdragsgivar kan etter forslaget velje mellom 3 typar prosedyrar:
Ein open prosedyre der alle leverandørar som oppfyller deltakingskriteria kan vere med, og der oppdragsgivar kan velje å gå i dialog med tilbydarane.
Ein dynamisk prosedyre for gjentekne kjøp frå ein leverandørbase som er etablert på førehand.
Ein innovasjonsprosedyre for utvikling og kjøp av løysingar som enno ikkje finst i marknaden.
Etter forslaget kan oppdragsgivar velje å forhandle i alle prosedyrar. Forhandlingane kan gå over fleire rundar, og deltakarar kan bli silte ut etter tildelingskriteria. Tilbydarane skal få nok tid til å endre og levere tilboda på nytt.
Forslaget legg òg vekt på planlegging og marknadsdialog før konkurransen. Marknadsdialog blir framheva som eit godt førebuande verktøy.
For leverandørane betyr dette at tilbodsteama må vere klare til å forhandle og revidere tilbod undervegs. Dei må òg rekne med å kunne bli silte ut før siste runde. Dialog før kunngjeringa gir høve til å påverke korleis konkurransen blir utforma.
1.3 Kvalitet skal telje meir
Forslaget legg opp til at kontraktar som hovudregel skal tildelast etter det beste forholdet mellom pris og kvalitet. Kvalitet skal telje minst 30 prosent. Dersom arbeidskraft normalt utgjer minst halvparten av kontraktsverdien, skal kvalitet telje minst 50 prosent.
Kravet følgjer prinsippet «følg eller forklar». Oppdragsgivar kan gå under minstevekta dersom kvaliteten blir sikra på andre måtar, til dømes gjennom kravspesifikasjonar eller kontraktsvilkår. Kva for metode som grunngir avviket, må gå fram av kunngjeringa. Alle kvalitetskriterium må framleis vere knytte til det som blir bestilt.
For leverandørane blir det viktigare å dokumentere kvalitet, ikkje berre tilby låg pris. Dette kan få særleg mykje å seie innan reinhald, vakthald, drift, vedlikehald og bygg og anlegg. God kvalitetsdokumentasjon kan bli eit viktig konkurransefortrinn.
1.4 Lågare terskel for små og mellomstore verksemder
Kvalifikasjonskrav avgjer kven som får delta i konkurransen. Etter forslaget skal krava ikkje vere strengare enn nødvendig for å sikre at leverandøren kan gjennomføre kontrakten. Dei må vere tilpassa kor kompleks og risikofylt kontrakten er. To viktige avgrensingar er:
Krav om minsteomsetning kan som hovudregel ikkje vere høgare enn 50 prosent av den estimerte årlege kontraktsverdien. Det kan gjerast unntak dersom risikoen i kontrakten krev det.
Oppdragsgivar kan ikkje krevje tidlegare erfaring frå offentlege kontraktar som vilkår for å delta, med mindre dette er grunngitt i kor kompleks kontrakten er eller kva slags ytinga det gjeld.
Dette kan opne marknaden for mindre og nyare aktørar og for leverandørar som til no mest har levert til privat sektor. Etablerte leverandørar må rekne med fleire konkurrentar. Alle leverandørar bør vurdere om kvalifikasjonskrav i konkrete konkurransar går lenger enn regelverket tillèt.
1.5 Europeisk preferanse: Opphavet kan avgjere
Ei av dei mest omtalte nyvinningane er reglane om europeisk preferanse (forslaget artikkel 73). Oppdragsgivarar kan mellom anna:
avgrense deltakinga til europeiske leverandørar og leverandørar frå land som har marknadstilgang gjennom WTO-avtalen om offentlege innkjøp (GPA), ein handelsavtale eller ein tollunionsavtale med EU. Dette gjeld òg underleverandørar og leverandørgrupper,
krevje at varer, tenester eller bygg- og anleggsarbeid har opphav i EU eller i slike tredjeland, heilt, delvis eller for bestemte komponentar,
avvise tilbod der verdien av europeisk innhald eller innhald frå slike tredjeland er under 50 prosent av den samla estimerte verdien av tilbodet, og
gi evalueringsfordelar til tilbod med høgare del europeisk tilknyting.
Opphavet blir fastsett etter eigne reglar (artikkel 74). For tenester er det opphavet til leverandøren eller underleverandøren som avgjer. For bygg- og anleggsarbeid er det opphavet til leverandøren som avgjer, men oppdragsgivar kan vurdere opphavet til varene i arbeidet for seg.
Ordninga er i utgangspunktet frivillig for oppdragsgivarane. Kommisjonen får likevel fullmakt til å gjere krava obligatoriske gjennom delegerte rettsakter når det er i interessa til Unionen (artikkel 75). Forordninga er laga som eit generelt rammeverk, og sektorregelverk med eigne preferansereglar kan gå føre.
Korleis ordninga vil gjelde for norske leverandørar, må avklarast gjennom EØS-tilpassing. Vurderinga vår er at norske leverandørar vil vere omfatta, men dette er ikkje avklart. For mange verksemder blir opphavet til varer og komponentar og valet av underleverandørar vel så viktig som kvar dei sjølve er etablerte. Innkjøp frå land utan avtale med EU kan føre til avvising eller dårlegare utteljing i konkurransen. Dette kan til dømes gjelde elektronikk, solcellepanel, batteri og IKT-utstyr.
1.6 Strengare krav til tryggleik og stabile leveransar
Oppdragsgivarane får ei tydelegare rolle i arbeidet med økonomisk tryggleik. Dei får høve til, og i nokre tilfelle plikt til, å vurdere og handtere tryggingsrisiko. Dette gjeld mellom anna kritisk infrastruktur, sensitiv informasjon, cybertryggleik, skadelege kritiske avhengnader, leveranseavbrot og uønskt påverknad frå tredjeland.
Oppdragsgivar kan undersøkje om eigarskap, kontroll eller finansiering gir risiko for utanlandsk innblanding. Det same gjeld om lovgiving i tredjeland kan tvinge leverandøren til å utlevere sensitive opplysningar eller hindre gjennomføringa av kontrakten. Tiltaka kan vere krav til leveransen, kriterium for å velje tilbod eller kontraktsvilkår som gir rett til tryggingstilsyn.
For kontraktar om kritisk infrastruktur og kritiske tenester gjeld særlege reglar. Dette gjeld typisk energi, transport, helse, digital infrastruktur, vatn, mat og landbruk og finansmarknadsinfrastruktur. Her kan oppdragsgivar krevje at leverandørkjeda blir spreidd, til dømes ved bruk av fleire leverandørar eller produksjon på fleire stader.
For leverandørar innan energi, kraftnett, IKT, sky- og datatenester og bygg og anlegg knytt til kritisk infrastruktur er dette særleg relevant. Dei må kunne dokumentere eigarskap, finansiering, lagring og behandling av data og korleis leverandørkjeda er sett saman. Kostnader til lager og beredskap må reknast inn i tilbodet.
1.7 Meir innsyn i underleverandørane
Ved bruk av europeisk preferanse eller tryggingstiltak, og ved visse andre kontraktstypar, skal oppdragsgivar krevje opplysningar om underleverandørane. Hovudleverandøren skal melde frå så snart som mogleg dersom opplysningane endrar seg medan kontrakten løper. Oppdragsgivar skal krevje at ein underleverandør blir bytt ut dersom det ligg føre obligatoriske avvisingsgrunnar (artikkel 25). Ved valfrie avvisingsgrunnar (artikkel 26) kan oppdragsgivar krevje utskifting.
Hovudleverandørane får eit større ansvar for å følgje opp underleverandørane, også etter at kontrakten er tildelt. Dette bør speglast i kontraktane med underleverandørane.
1.8 Strengare miljøkrav
Forslaget gir oppdragsgivar større rom for å stille miljøkrav gjennom heile innkjøpet. Det legg særleg vekt på ombruk, reparasjon, materialattvinning og energieffektivitet. Oppdragsgivar skal kjøpe produkt, tenester og bygg- og anleggsarbeid med høg energieffektivitet, med mindre det er teknisk umogleg. Miljøkrav blir òg pålagde for produkt og teknologiar som er omfatta av EU-regelverket i eit eige vedlegg. Kommisjonen kan presisere krava gjennom delegerte rettsakter.
Det blir ikkje innført noko generelt krav om at miljø skal vektast som tildelingskriterium. Det blir likevel presisert at miljø kan vere eitt av fleire kvalitative tildelingskriterium. For leverandørar innan bygg og anlegg, energi og teknisk utstyr blir dokumentert energieffektivitet og miljøprestasjon eit inngangskrav i fleire konkurransar, ikkje berre eit konkurransefortrinn.
1.9 Endringar i kontraktar og lengda på rammeavtalar
Forslaget omtalar fleire grunnlag for å endre ein kontrakt utan ny konkurranse. Endringar på inntil 15 prosent av den opphavlege kontraktsverdien skal reknast som ikkje vesentlege, så lenge dei ikkje endrar den økonomiske balansen i kontrakten. Fleire endringar blir rekna samla. Uventa forhold som får vesentleg innverknad på gjennomføringa, kan òg gi grunnlag for endring. Døme er vesentlege regelverksendringar, store teknologiske endringar og kriser. Ved fusjon, oppkjøp, insolvens eller anna omorganisering kan ein ny leverandør tre inn dersom kvalifikasjonskrava framleis er oppfylte.
Rammeavtalar kan som hovudregel vare i inntil tre år med éin leverandør og inntil fem år med fleire leverandørar. Lengre varigheit kan berre nyttast i særlege tilfelle der det er grunngitt.
For leverandørane er handlingsrommet for endringar særleg viktig i lange bygg-, anleggs- og energikontraktar. Endringane må likevel vere objektivt grunngjevne og ikkje gå lenger enn nødvendig. Lengda på rammeavtalane må òg takast med i planlegginga av bemanning og investeringar.
1.10 Ein felles digital marknadsplass
Kommisjonen vil kople dei nasjonale innkjøpsplattformene saman i ein felles digital marknadsplass. Målet er at leverandørane skal kunne levere tilbod i heile EU frå éi tilkopla plattform, utan å sende inn den same dokumentasjonen fleire gonger. Systemet skal òg kunne kontrollere avvisingsgrunnar automatisk, til dømes konkurs eller regelverksbrot. Nasjonale datarom skal samle innkjøpsdata, mellom anna om vareopphav og reelle rettshavarar.
Kommisjonen reknar med at leverandørane samla vil få nye årlege kostnader på om lag 477 millionar euro, men at desse blir meir enn vegne opp av årlege innsparingar på om lag 1 milliard euro frå det digitale systemet og andre forenklingar.
For leverandørane kan dette gi mindre papirarbeid og enklare deltaking på tvers av landegrensene. Samstundes får styresmaktene meir data til kontroll av leverandørar og kontraktar. Verksemdene bør derfor ha gode rutinar for å halde registrerte opplysningar korrekte og oppdaterte.
2.Når kan reglane kome – og kva bør verksemda gjere?
Forslaget skal no handsamast av Europaparlamentet og Rådet etter den ordinære lovgivingsprosedyren. Det er uklart når forordninga kan bli vedteken, og innhaldet kan endre seg undervegs. Kommisjonen foreslår at bruken av forordninga blir utsett i to år etter at ho er vedteken. Det betyr at reglane tidlegast vil gjelde i EU frå 2028. Etter EØS-avtalen er målet at regelverket skal tre i kraft nær samstundes i EU og Noreg.
Forslaget kan få betydning for langsiktige val om leverandørkjeder, eigarskap, kontraktar, kvalitet og miljø. Verksemder som leverer til offentlege kundar, bør særleg vurdere desse tiltaka:
Kartlegg leverandørkjeda. Skaff oversikt over kvar varer, komponentar og tenester kjem frå. Vurder korleis krava til opphav og den foreslåtte grensa på 50 prosent kan påverke tilboda. Følg òg avklaringa av korleis EØS-opphav skal behandlast.
Gå gjennom eigar- og finansieringsstrukturen. Ver klar til å dokumentere eigarskap, kontroll og finansiering, og vurder om band til tredjeland eller lovgiving i tredjeland kan bli sett på som ein tryggingsrisiko. Dette er særleg viktig innan energi, IKT og kritisk infrastruktur.
Styrk kvalitetsdokumentasjonen. Samle etterprøvbare opplysningar om kvaliteten på det de tilbyr, og lag ein fast mal for kvalitetssvar. Det gir eit betre utgangspunkt dersom kvalitet får større vekt i konkurransane.
Ver klar til å forhandle. Lær opp tilbodsteama i forhandlingar over fleire rundar og i å revidere tilbod innan korte fristar.
Bruk marknadsdialogen. Delta aktivt når oppdragsgivarar inviterer til dialog før konkurransar. Det er der ein kan påverke kravspesifikasjonar og kriterium.
Gå gjennom kontraktane med underleverandørane. Sørg for plikter om å gi informasjon, varsle om endringar og å bytte ut underleverandørar, slik at verksemda kan oppfylle krava frå oppdragsgivaren.
Dokumenter miljøprestasjon og energieffektivitet. Hent inn produktdata, miljødeklarasjonar og dokumentasjon på energieffektivitet tidleg.
Følg lovgivingsprosessen og EØS-tilpassinga. Særleg tilpassingsteksten for EFTA-leverandørar og eventuelle delegerte rettsakter som gjer europeisk preferanse obligatorisk i visse sektorar, vil vere viktige for norske aktørar.
Vil de vite kva forslaget kan bety for verksemda dykkar?
Ta gjerne kontakt med Advokatfirmaet Tollefsen for ei vurdering av leverandørkjeder, tilbod og kontraktar.
Kontakt våre advokatar:
Advokat Kristin Aspevik