Er arbeidstakarane særleg uavhengige? 

Fleksibel arbeidstid og stort ansvar er ikkje nok til å gjere ei stilling særleg uavhengig. Ein fersk dom frå Høgsterett understrekar kor viktig det er at den tilsette har reell kontroll over eiga arbeidsmengd og arbeidstid. For arbeidsgjevar kan feil klassifisering føre til krav om etterbetaling av overtid. 

I dommen 14. oktober 2026, HR-2026-2227-A, klargjer Høgsterett når ein arbeidstakar kan vere unnateken frå arbeidstidsreglane etter arbeidsmiljølova § 10-12 andre ledd. For arbeidsgjevar gir avgjerda ei særleg oppmoding om å kontrollere om ordningane i verksemda står seg juridisk. 

 

Prosjektleiar med stort ansvar fall utanfor unntaket 

Saka gjaldt ein prosjektleiar i eit entreprenørselskap. Han leidde fleire byggjeprosjekt, hadde ansvar for økonomi og framdrift og stor fridom til å organisere arbeidet. Arbeidsavtalen fastsette at normal overtid var inkludert i løna. 

Høgsterett kom likevel til at stillinga ikkje var særleg uavhengig. Prosjektleiaren hadde avgrensa kontroll over kor mykje han måtte arbeide og når arbeidet måtte utførast. Han kunne i realiteten ikkje seie nei til oppgåvene han fekk, og måtte be om avspassering. 

Dommen frå lagmannsretten vart difor oppheva. Saka gjaldt eit personleg erstatningskrav etter konkurs mot personen som var dagleg leiar og styreleiar i selskapet. Høgsterett avgjorde ikkje det endelege erstatningsansvaret eller storleiken på eit eventuelt krav. 

Den faktiske arbeidskvardagen er avgjerande 

Unntaket for særleg uavhengige stillingar er snevert. Høgsterett framhevar i avsnitt 24: 

«Av ordlyden går det fram at ikkje alle uavhengige stillingar er omfatta; det må vera tale om ei «særlig» uavhengig stilling.» 

Vurderinga må byggje på den reelle fridomen den enkelte har til å bestemme både omfanget av arbeidet og når det skal utførast. Stillingstittelen og formuleringane i arbeidsavtalen er ikkje nok. 

Høgsterett presiserer i avsnitt 30 at alle rammevilkår skal takast med i vurderinga. Det omfattar både interne rammer fastsette av arbeidsgivar og eksterne rammer, som kundekrav, leveringsfristar og krav frå offentlege styresmakter. Også avgrensingar arbeidsgjevar sjølv ikkje kan påverke, skal inngå i vurderinga. 

At arbeidsgjevar ikkje kontrollerer når den tilsette møter på jobb, hjelper lite dersom slike ytre rammer i praksis styrer arbeidstida. Samtidig inneber dommen ingen generell regel om at prosjektleiarar fell utanfor unntaket. Kvar stilling må vurderast konkret. 

Dette bør arbeidsgivarar gjennomgå no 

Tilrådinga vår er å kartleggje stillingane verksemda behandlar som særleg uavhengige, og undersøkje korleis arbeidet faktisk blir organisert. Sentrale spørsmål er: 

  • Kan den tilsette påverke arbeidsmengda og kva oppgåver vedkomande skal ta på seg? 

  • Kor stor fridom har den tilsette til å bestemme når arbeidet blir utført? 

  • Korleis avgrensar kundekrav, fristar og bemanning denne fridomen? 

  • Kan den tilsette prioritere og delegere oppgåver, og korleis blir avspasering handtert i praksis? 

Spørsmåla inngår i ei samla vurdering. Dokumenter grunngjevinga for klassifiseringa, og sørg for at arbeidsavtalen samsvarer med den faktiske rolla. Dersom vilkåra ikkje er oppfylte, må arbeidstidsordninga og rutinane for registrering og betaling vurderast på nytt. 

Feil klassifisering kan gi krav om etterbetaling 

Dersom ei stilling feilaktig er behandla som særleg uavhengig, kan arbeidstakaren ha krav på etterbetaling for overtidsarbeid. Arbeidsgjevar må vurdere kravet ut frå faktisk arbeidstid, gjeldande lov- og avtaleverk og det som allereie er betalt. Tariffavtalar og individuelle arbeidsavtalar kan gi betre rettar enn minstekrava i lova, mellom anna høgare overtidssatsar eller rett til overtidsbetaling frå eit tidlegare tidspunkt. 

Er du arbeidstakar og usikker på om stillinga di er rett klassifisert, kan det vere grunn til å få vurdert både arbeidsavtalen og arbeidssituasjonen. Om du har eit krav, avheng mellom anna av arbeidstida, kva som allereie er betalt og dokumentasjonen i saka. 

Få avklart risikoen i verksemda di 

Advokatfirmaet Tollefsen kan hjelpe med å vurdere kva stillingar som kan vere unnatekne frå arbeidstidsreglane, gjennomgå arbeidsavtalar og utforme rutinar for arbeidstid og overtid. Vi hjelper òg ved usemje om overtidsbetaling. Ein gjennomgang gir eit betre grunnlag for å planleggje bemanning og lønskostnader, og for å handtere spørsmål før dei utviklar seg til ein konflikt. 

Ta kontakt med oss for å avtale ein gjennomgang av arbeidsavtalane og arbeidstidsordningane i verksemda. Vi har kontor i Førde, Florø og Sogndal. 

 

Les dommen her: https://lovdata.no/dokument/HRSIV/avgjorelse/hr-2026-2227-a?q=hr-2026-2227  

Kontakt våre advokatar:

Advokat May-Linn Sandvik

Advokat Silje Heggestad

 
Neste
Neste

Ole Kristian Evebø har fått advokatløyve