Ole Kristian Evebø har fått advokatløyve
Gratulerer med advokatløyve til vår gode kollega Ole Kristian Evebø
Vi gratulerer Ole Kristian med advokatløyve!
Etter to år som advokatfullmektig hos oss tek han no steget vidare som advokat ved kontoret vårt i Sogndal.
Ole Kristian fullførte mastergraden i rettsvitskap ved Universitetet i Stavanger våren 2024. Interessa for arverett viste seg allereie i masteroppgåva «Uskiftebuets gåver», og dette er eit fagområde han har arbeidd mykje med hos oss.
Han er tilknytt faggruppa vår for privatrett og bistår særleg med arv, skifte og familierett. Det omfattar mellom anna spørsmål om testament, generasjonsskifte, uskifte og oppgjer av dødsbu. Med økonomisk kompetanse i tillegg til den juridiske utdanninga har han også god forståing for dei økonomiske sidene av sakene.
Ole Kristian arbeider dessutan med fast eigedom og andre rettsområde, og bistår både privatpersonar og næringslivsklientar med rådgjeving og tvisteløysing. Han er oppteken av å gjere jussen forståeleg og finne praktiske løysingar som passar den enkelte klienten.
Vi er glade for å ha Ole Kristian med på laget!