Kristine Geirsdatter Celius

Kontaktinformasjon

Kristine Geirsdatter Celius er partnar og styreleiar i Advokatfirmaet Tollefsen, og har arbeidd i firmaet sidan 2017. Ho er leiar for firmaet si faggruppe for forretning og arbeider særleg med kontraktsrett, selskapsrett, transaksjonar, immaterialrett, fast eigedom og tingsrett.

Kristine bistår både næringslivsklientar og privatpersonar med rådgjeving, forhandlingar, tvisteløysing og prosedyre for domstolane. Ho har brei erfaring med komplekse juridiske problemstillingar og legg vekt på å finne praktiske og kommersielt gode løysingar for klientane sine.

Ho er ein av to advokatar i firmaet med løyve som eigedomsmeklar, og bistår med alt frå sal av næringseigedom og eigedomsutviklingsprosjekt til eigedomsoppgjer for privatpersonar. Kristine vert også jamleg oppnemnd som medhjelpar i tvangssalssaker for tingretten.

Gjennom erfaring frå både domstolane og privat praksis har ho opparbeidd seg solid juridisk kompetanse og god forståing for dei utfordringane klientar møter i møte med juridiske problemstillingar.

Arbeidserfaring

Utdanning

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Arvid Mellingen

Neste
Neste

Silje Flugheim Heggestad