Arvid Mellingen
Kontaktinformasjon
Tlf.: 90 08 25 41
E-post: arvid@advokat-tollefsen.no
Arvid Mellingen er ein av dei mest erfarne advokatane i Advokatfirmaet Tollefsen og ein sentral ressurs innan tvisteløysing og prosedyre. Han er fagansvarleg i firmaet og ein viktig fagleg støttespelar for kollegaene sine, med særleg ansvar for rettleiing og utvikling av yngre advokatar og advokatfullmektigar.
Arvid er ein strategisk og erfaren rådgjevar som alltid har klienten sine interesser i fokus. Med juridisk tyngde, godt skjønn og evne til å sjå dei lange linjene, hjelper han klientar med å navigere krevjande konfliktar og finne løysingar som best ivaretek deira mål og interesser. Han bistår både offentlege og private klientar, og har gjennom mange år opparbeidd seg særleg erfaring som rådgjevar for kommunar og andre offentlege verksemder.
Fagleg arbeider Arvid særleg med fast eigedom, tingsrett, ekspropriasjon, grunnerverv, skjønn og jordskifte. Han har også omfattande erfaring med arverett og skifte, og vert jamleg oppnemnd som bustyrar i offentlege dødsbu.
Før han vart advokat, hadde Arvid ei lang karriere innan statleg og fylkeskommunal forvaltning, mellom anna som juridisk sjef hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Han har brei erfaring med offentleg saksbehandling, tilsyn og kontrollverksemd, noko som gir han verdifull innsikt i samspelet mellom offentlege styresmakter, næringsliv og privatpersonar.