Silje Aasen Storebø
Kontaktinformasjon
Tlf.: 92 459 150
E-post: silje.storebo@advokat-tollefsen.no
Silje Aasen Storebø er advokat ved kontoret vårt i Førde. Ho er ein allsidig advokat med solid erfaring frå juridisk rådgjeving, prosedyre og tvisteløysing. Silje har erfaring med å representere private klientar, selskap og staten, og har slik opparbeidd seg verdifull kunnskap og erfaring med å sjå saker frå ulike sider.
Silje arbeider med personskadeerstatningsrett, forsikringsrett, familierett, arv og arbeidsrett. Ho tek også oppdrag som bistandsadvokat. Silje har særleg kompetanse på erstatningsutmåling og erstatningsoppgjer etter personskadar, mellom anna etter trafikkulykker, yrkesskadar, pasientskadar og valdsofferskadar.
Silje har lang erfaring frå prosedyreavdelinga i Nasjonalt klageorgan for helsetenesta, der ho har representert staten ved Pasientskadenemnda i tvistesaker for domstolane. Ho har ført eit betydeleg tal saker for tingretten og lagmannsretten, og har opparbeidd seg brei erfaring med domstolane og sivilprosess. Silje har også ført saker for Barneverns- og helsenemnda (tidlegare Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker).