Rettar i fast eigedom

Er du usikker på om din vegrett omfattar tilkomst med bil eller om du har rett til båtopptrekk på annan manns grunn? Advokatfirmaet Tollefsen bistår deg med alle spørsmål knytt til rettar i fast eigedom. 

Både eigedomsrett og andre rettar i fast eigedom kan vere ei kime til konflikt. Særleg spørsmål knytt til bruksrettar, såkalla servituttar, kan skape usikkerheit for dei involverte partane. Det kan både oppstå spørsmål om innhaldet i retten, varigheita av denne og om retten er personleg eller tilhøyrer ein bestemt eigedom.

Usemje kan også vere knytt til korleis ein skal utnytte retten eller om rettens karakter har endra seg i tråd med samfunnsutviklinga. Dømevis kan det oppstå spørsmål om ein rett til tilkomst med hest i dag omfattar ein rett til køyrbar åtkomst.

Eksisterande rettar

Advokatfirmaet Tollefsen bistår også med spørsmål knytt til eksistensen av rettar. Enkelte rettar er skriftleg regulert anten gjennom avtale, eit skøyte eller ei eldre skuldforretning. Ein rett kan også  oppstå på andre grunnlag, til dømes gjennom hevd. Hevdslova er eit rettsleg grunnlag for stifting av eigedomsrett eller bruksrett for den som har utøvd sin bruk i tru om at ein slik rett eksisterte. Hevdslova regulerer også kor lenge slik bruk må ha funne stad, noko som varierer avhengig av om bruken viser seg gjennom ei fast tilstelling. Eit døme på ei slikt fast tilstelling kan vere oppføring av ei bryggje på annan manns grunn.

Stifting av nye rettar

Vi kan også bistå med stifting av rettar, til dømes vegrett over annan manns grunn. Dette kan ofte løysast gjennom avtaleregulering. Veglova § 53 opnar også for innpåkjøp på privat veg mot vederlag til vegeigar. For at ein skal få slik vegrett må det vere klart at vegretten er meir til gagn enn til skade. Jordskifteretten kan både treffe vedtak om rett til å bruke eksisterande veg, samt vedtak om eigedomsinngrep til bygging, utbetring, vedlikehald og drift av privat veg.

Som det framgår av skisseringa over er det fleire regelverk regulerer spørsmål om rettar i fast eigedom (såkalla tingsrett). Det kan vere vanskeleg å få oversikt over desse på eiga hand og difor vere ønskjeleg med juridisk bistand.

Advokatfirmaet Tollefsen har mellom anna lang erfaring med saker som gjeld:

  • Eigedomsrett

  • Bruksrettar

  • Tomtefeste

  • Sameige

  • Naborett

  • Hevd

Rettshjelpsforsikring

Dei fleste bustad- og innbuforsikringar inkluderer såkalla rettshjelp. Det inneber at du kan få dekka store deler av kostnadane til advokatbistand dersom du skulle hamne i ein tvist om rettar i fast eigedom. Vi hjelper deg med å undersøke om du har relevant forsikring som dekker tvisten.

Våre advokatar har kontor i Sogndal, Førde og Florø, og bistår klientar i heile Sogn og Fjordane.

 
 
 

Våre eigedomsadvokatar