Ny Høgsterettsdom: kjøpar sin undersøkingsplikt ved bustadkjøp

Av: Sigrid Haanes Marton

  

Å kjøpe bustad er for dei fleste den største investeringa i livet. Nettopp derfor er det viktig å vite kva ansvar du har som kjøpar – og kva ansvar seljar faktisk sit med.

Om kjøpar si undersøkingsplikt:

I ein fersk dom (HR-2025-1749-A) slår Høgsterett fast noko som mange bustadkjøparar kan puste letta ut over: Du skal ikkje påleggjast ein så streng undersøkingsplikt at du i praksis står att med ansvaret for skjulte feil og manglar.

I ein fersk dom (HR-2025-1749-A) slår Høgsterett fast noko som mange bustadkjøparar kan puste letta ut over: Du skal ikkje påleggjast ein så streng undersøkingsplikt at du i praksis står att med ansvaret for skjulte feil og manglar.

Tidlegare kunne seljar ta atterhald om at bustaden vart selt «som han er». Det gjorde det vanskelegare for kjøpar å krevje kompensasjon for skjulte feil. Etter lovendringa i 2022 vart dette fjerna for å styrkje forbrukarvernet.

Høgsterett understrekar no at denne endringa òg har noko å seie for kor mykje du som kjøpar faktisk må undersøkje.

Saka Høgsterett handsama

I den konkrete saka hadde kjøpar fått vite at det var gjort eigenarbeid på bustaden – og at det hadde vore mus i huset. Men dei hadde ikkje fått klare opplysningar om faktiske feil eller skadar.

Dommen slår fast at generelle risikopplysningar, som til dømes at det er utført «ufaglært arbeid» eller at det «har vore mus», ikkje i seg sjølv er nok til å fråta kjøpar retten til å klage dersom det vert avdekt manglar. Seljar må gje tydelege og spesifikke opplysningar om faktiske feil og manglar – det held ikkje med vage eller generelle formuleringar.

Advokatfirmaet Tollefsen meiner

Dommen er ei viktig avklaring for alle som har kjøpt eller skal kjøpe bustad etter 2022. Han set tydelege grenser for kor langt undersøkingsplikta di går – og gjer at risikoen for skjulte feil ikkje berre kan skyvast over på kjøpar.

I tillegg tydeleggjer dommen skiljet mellom generelle risikopplysningar og konkrete opplysningar om skade. Denne presiseringa styrkjer kjøpar sitt rettsvern og er i samsvar med lovendringa sitt føremål.

Treng du hjelp?

Vi i Advokatfirmaet Tollefsen har lang erfaring med bustadkjøp og tvistar om manglar. Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande samtale dersom du ønskjer hjelp i samband med bustadkjøp.

Les heile dommen her: https://www.domstol.no/globalassets/upload/hret/avgjorelser/2025/september/hr-2025-1749-a.pdf

 
Forrige
Forrige

Styreansvar – forseinka oppbodsbegjæring kan koste dyrt

Neste
Neste

Ny advokat Kristin Aspevik