Ny advokat Kristin Aspevik
Den 1. september kunne vi ønske Kristin Aspevik velkomen som advokat her hos oss i Advokatfirmaet Tollefsen.
Kristin er utdanna jurist ved Universitetet i Bergen, der ho fullførte mastergraden i 2008.
Etter dette fekk ho brei erfaring frå både offentleg forvaltning og privat advokatpraksis. Ho starta karrieren i Stiftelsestilsynet i Førde, før ho gjekk vidare til Advokatfirmaet Harris sitt kontor i Førde og seinare til Advokatfirmaet Riisa i Bergen.
I denne perioden arbeidde ho særleg med saker innan erstatning og entreprise, men også med barnevern, barnefordeling, straffesaker, arbeidsrett, nabotvistar og forbrukarrett. Ho underviste òg studentar ved BI i arbeidsrett i fleire år.
I 2020 byrja Kristin som byggesakshandsamar i Askøy kommune, der ho etter kvart fekk ansvar som både fagansvarleg og konstituert leiar for ei nyoppretta eining i sektoren Plan og bygg.
Ho har dei siste åra hatt eit breitt juridisk ansvar og arbeidd mykje med klagesaker, planarbeid og generell juridisk rettleiing.
No har Kristin og familien bestemt seg for å flytte heim til Lærdal, der både ho og sambuaren har røter. Med sitt engasjement, erfaring og breie kompetanse er vi svært glade for at ho vil halde fram karrieren sin hjå oss i Advokatfirmaet Tollefsen.
Kristin vil ha kontorplass i Sogndal og arbeide i all hovudsak innanfor faggruppe eigedom.