Ny advokat Sondre Holsen Kyte - frå BAHR til Tollefsen

Frå BAHR til Tollefsen

“– Det er klart det blir ein litt annan kvardag når eg går frå å jobbe med store nasjonale og internasjonale selskap, til eit mindre advokatfirma som i større grad jobbar lokalt. Men det betyr ikkje at arbeidet blir mindre utfordrande eller lærerikt, seier han.”

Arbeidskvardagen i BAHR var prega av høgt tempo, lange dagar og bratt læringskurve. Sondre Holsen Kyte digga det. Likevel pakka han flyttelasset og tok med seg familien til Førde.

– Det er klart det blir ein litt annan kvardag når eg går frå å jobbe med store nasjonale og internasjonale selskap, til eit mindre advokatfirma som i større grad jobbar lokalt. Men det betyr ikkje at arbeidet blir mindre utfordrande eller lærerikt, seier han.

 

Ein sterk start

Vi spolar tilbake nokre år. Etter mastergrad i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen starta Sondre som advokatfullmektig i finansavdelinga i BAHR.

– For ein nyutdanna jurist er det den perfekte starten. Å ha så mange dyktige kollegaer rundt seg gir ein enorm tilgang på ressursar og kompetanse. Det er verkeleg ein fantastisk arena for læring, seier han.

Likevel ser han ikkje overgangen til Tollefsen som eit steg ned.

– Eg vil heller seie at det er eit steg vidare. Eit anna spor. No får eg moglegheita til å hjelpe næringslivet på Vestlandet, både dei små og større verksemdene. Det er eit anna kundesegment og andre utfordringar. Eg ser fram til å knyte band til lokale verksemder og lære av dei dyktige menneska som arbeider i desse, men også å bistå oppstartselskap og vere med dei på heile reisa, forklarar han.

 

Advokaten som støttespelar

Sondre meiner at advokatrolla innimellom er misforstått.

– Mange tenker nok at advokatar er nokon ein kontaktar først når det har gått gale. Men i fleire tilfeller er det lurt å koble på advokater før problemene oppstår, nettopp for å unngå at dei materialiserer seg. Då kan vi vere ein støttespelar som bidrar med forebyggande arbeid og sikrar at bedrifta er best mogleg rigga juridisk, seier han.

Han snakkar engasjert om rådgjevande verdiskaping.

– Advokatar møter mange ulike bedrifter som står i ulike, men også liknande, utfordringar. Det gir oss eit unikt erfaringsgrunnlag for problemløysing. Målet mitt er at advokathjelp i hovudsak skal være verdiskapande for våre næringslivskundar, slik at det kjennast nyttig å betale advokatrekninga, ikkje berre som ein kostnad.

 

Advokat Sondre Holsen Kyte er på plass i Førde.

 

Klart for nye utfordringar

Valet av arbeidsgjevar i Sunnfjord var enkelt for den unge, men likevel erfarne advokaten.

– Tollefsen gav eit svært godt inntrykk, og det er tydeleg at dei vil satse på næringslivskundar og «brette ut» firmaets spisskompetanseområde. Etter fire år i finansavdelinga i BAHR har eg lært mykje, og det er kjekt å kunne bruke den kunnskapen her i området, seier han.

Tollefsen har ambisjonar om å utvide tenestetilbodet sitt, både til eksisterande klientar og nye, innan ulike formar for finansiering, selskapstransaksjonar og compliance innanfor den finansielle sektoren.

– Dette er eit område vi skal bygge spisskompetanse på. Målet er å bli leiande lokalt. For bedrifter i Sunnfjord og Sogn, må målet vere at Tollefsen skal vere førstevalet – kvar gong, seier han.

 

Ny sjef på heimebane

Det er ikkje berre på jobb livet har endra seg. Sondre og sambuaren Kristine Eriksrød vart nyleg foreldre til vesle Vilde.

– Ho blei faktisk fødd på 30-årsdagen min. Det var jo  den største gåva eg kunne få. Plutseleg såg vi livet litt annleis. Det er inga hemmelegheit at det var lange dagar i BAHR, og ho var ein stor del av grunnen til at vi bestemte oss for å flytte.

Både Sondre og Kristine kjem frå Sunnfjord, og det blei derfor det naturlege valet då dei bestemte seg for å flytte vekk frå storbyen.  

–         Med små barn er det ingen tvil om at det er godt med familie i nærleiken. I tillegg blei balansen mellom jobb og fritid viktig for oss. Mindre kø til og frå jobb er også med i reknestykket. Det er fint å flytte heim utan å måtte fire på jobbkrava, seier han.

 Lokale tenester – internasjonal erfaring

Sondre meiner næringslivet i regionen har mykje å vinne på å bruke lokale advokattenester.

– Her får du høg kompetanse og tett oppfølging til eit gunstig prisnivå. Erfaringa frå BAHR tek eg med meg inn i arbeidet her i Sunnfjord og Sogn.

No er han klar for travle dagar, både heime og på kontoret.

– Som ny advokat på ein ny plass tek det litt tid å bygge opp sakslista, men eg håpar den fyller seg raskt. Eg trivst ikkje med stille dagar, smiler han.

Forrige
Forrige

Ny advokat Kristin Aspevik

Neste
Neste

Ny Høgsterettsdom: Ingen plikt til omplassering av arbeidstakar ved avskjed