Ny Høgsterettsdom: Ingen plikt til omplassering av arbeidstakar ved avskjed

Av: Sondre Holsen Kyte

  

Høgsterett har avklart at arbeidsgivarar ikkje har plikt til å tilby omplassering når ein arbeidstakar blir avskjediga. Avklaringa ryddar opp i ein tidlegare uavklara rettstilstand og tydeleggjer skilnaden mellom oppseiing og avskjed

Ingen plikt til omplassering av arbeidstakar ved avskjed

Høgsterett har avklart at arbeidsgivarar ikkje har plikt til å tilby omplassering når ein arbeidstakar blir avskjediga. Avklaringa ryddar opp i ein tidlegare uavklara rettstilstand og tydeleggjer skilnaden mellom oppseiing og avskjed

Ved oppseiing kan arbeidsgivar ha plikt til å tilby anna passande arbeid (omplassering), også når grunnlaget for oppseiinga ligg hos arbeidstakaren. Plikta gjeld ikkje ved kvar oppseiing, men kan oppstå der arbeidstakaren sin interesse i å halde fram i eit arbeidsforhold (om enn i ei anna stilling) samla sett veg tyngre enn arbeidsgivaren sitt behov for å avslutte arbeidsforholdet.

Til no har det vore uavklart om ei tilsvarande omplasseringsplikt kan oppstillast også ved avskjed. Høgsterett slår no fast at ein tilsvarande omplasseringsplikt ikkje gjeld der vilkåra for å avskjediga arbeidstakaren føreligg. Avskjed er forbeholdt situasjonar med grove pliktbrot som normalt inneber at tilliten til arbeidstakaren fell bort. I slike tilfelle er det ikkje rimeleg å påleggje arbeidsgivar å vidareføre arbeidsforholdet gjennom omplassering.

 

Advokatfirmaet Tollefsen meiner:

Det er gledeleg at Høgsterett har klargjort rekkevidda av arbeidsgivar si plikt til å tilby omplassering – og vi meiner det er positivt at plikta blir avgrensa mot avskjedstilfella. For arbeidsgivarar vil det vere krevjande å bli pålagde å vidareføre eit arbeidsforhold der tilliten er tapt. Sjølv om dei strenge vilkåra for avskjed framleis ligg fast, bidrar avklaringa til å gjere behandlinga av avskjedssaker meir effektiv og føreseieleg.

 

I praksis betyr dette:

  • ved avskjed er det ingen plikt til å tilby omplassering, og

  • ved oppseiing må arbeidsgivar vurdere om den konkrete saka utløyser omplasseringsplikt.

 

Ta gjerne kontakt med oss dersom du har behov for råd eller juridisk hjelp i arbeidsrettssaker, som oppseiing, avskjed eller andre problemstillingar på arbeidsplassen.

Forrige
Forrige

Ny advokat Sondre Holsen Kyte - frå BAHR til Tollefsen

Neste
Neste

Har du krav på yrkesskadedekning på heimekontor?