Har du krav på yrkesskadedekning på heimekontor?
Heimekontor har gått frå å vere ein unntakstilstand under korona til å bli ein fast del av arbeidskvardagen for mange. Det heng saman med at den teknologiske utviklinga har gjort det mogleg for mange arbeidstakarar å utføre arbeidsoppgåvene sine digitalt. Fleire av dei digitale løysingane ein har tilgang til heimanfrå har vist seg å vere effektive, og heimekontor har derfor blitt oppretthaldt som ein del av arbeidskvardagen for mange.
Utviklinga har ført til at grensene mellom arbeidsplass og heim har blitt meir utydelege. Det gir fleksibilitet, men også nokre juridiske spørsmål: Kva skjer om du skadar deg heime medan du jobbar?
I 2024 kom Høgsterett med avgjerda HR-2024-1571-A, som avklarte spørsmålet om når ein arbeidstakar har krav på yrkesskadedekning på heimekontoret.
Saka i korte trekk
Saka omhandla ein sjukehuslege som hadde helgevakt, såkalla primærvakt, frå fredag til måndag. Primærvakta jobbar ved behov, både heimanfrå og på sjukehuset. Søndag morgon sat ho heime og jobba, før ho gjekk ut i hagen for å ete lunsj. Der snubla ho og skada foten alvorleg. Ho meinte dette burde reknast som yrkesskade, men Høgstrett sa nei.
Kvifor ikkje?
Etter folketrygdlova § 13-6 andre ledd gjeld yrkesskadedekninga for yrkesskadar som «oppstår mens arbeidstakeren er i arbeid arbeidsstaden, i arbeidstiden”. Avgjerda frå Høgsterett viser at:
Når du utfører arbeidsoppgåver på heimekontoret, blir heimen din rekna som arbeidsstad. Skadar då kan vere dekt.
Men når du tek pause – til dømes går på kjøkkenet, hentar kaffi eller et lunsj i hagen – er du «tilbake i privatlivet». Skadar i slike situasjonar er ikkje omfatta.
Dommarane var delte
Høgsterett peikte på at heimen ikkje er ein arbeidsplass arbeidsgjevar har innretta eller kontroll over. Difor vil risikoen for «kvardagsulukker» – som å snuble i hagen – vere privat, ikkje yrkesrelatert. I tillegg vil gjerne private sysler og arbeidsoppgåver i større grad bli utført om kvarandre.
Høgsterett fann ikkje støtte i rettskjeldene for at skadar som skjer i lunsjpausar på heimekontor skal vere dekka. Det blir også lagt til grunn at slike tilfelle fell utanfor lova sitt føremål, som inneberer at yrkesskadedekninga skal kompensere for skadar som skuldast «den særlige risiko som antas å følgje av det arbeid man utfører».
Høgsterett delte seg også i eit fleirtalog mindretal. Tre dommarar meinte dekning ikkje gjeld i pausar. To dommarar meinte at reglane burde tilpassast dagens arbeidsliv, og at korte, naturlege pausar burde vere omfatta. Dommen viser at dette er eit område med uavklarte grensegangar, men at fleirtalet altså landa på ein restriktiv praksis.
Kva betyding har dommen for deg som arbeidstakar?
Skadar medan du faktisk utfører arbeidsoppgåver på heimekontoret kan gi yrkesskadedekning.
Skadar som skjer i pausar på heimekontor gir ikkje rett til dekning.
Det betyr at om du snublar på veg til kaffimaskina heime, er det ikkje ein yrkesskade. Snublar du medan du spring til Teams-møtet, kan det vere det.
Våre råd til deg som jobbar mykje på heimekontor
Dommen frå Høgsterett viser at grensene mellom jobb og fritid heime kan få store utslag for om du er dekt av yrkesskadeordninga. For å stille best mogleg:
Avklar med arbeidsgjevaren om det skal gjelde eigne rutinar for heimekontor, og be om at dette blir skriftleg.
Ha ein fast arbeidsplass i heimen, til dømes eit eige kontor eller ein pult, slik at det er tydeleg når du er «på jobb».
Ver merksam i pausar: Skadar som skjer når du gjer private ting (lage lunsj, hente posten, gå i hagen) vil normalt ikkje vere dekt.
Dokumenter arbeidssituasjonen dersom ei ulukke skulle skje. Det kan vere avgjerande i ein tvist om du faktisk var i arbeid.
Du kan lese avgjerda her: Norges Høyesterett - Dom: HR-2024-1571-A - Lovdata
Advokatfullmektig Elly Kalland fullførte si mastergrad i rettsvitskap frå Universitetet i Bergen våren 2025. og starta jobbe hjå oss 18. august 2025
Ho får kontorstad i Førde, men vil arbeide med saker i heile regionen saman med resten av Advokatfirmaet Tollefsen. Elly vert ein del av faggruppa for forretning, og vil i tillegg arbeide med privatrett innanfor arv og skifte.
Kontakt:
Tlf.: 46 83 47 90
E-post: elly.kalland@advokat-tollefsen.no