Advokatfirmaet Tollefsen blir samarbeidsadvokat for Norges Bondelag
Advokatfirmaet Tollefsen har inngått samarbeidsavtale med Norges Bondelag og blir eitt av advokatfirmaa Bondelaget samarbeider med i Vestland.
Avtalen er inngått etter ein søknadsprosess og ei fagleg kvalitetsvurdering. Vi er stolte over å ha kome gjennom nålauget og over tilliten Norges Bondelag har vist oss.
Som samarbeidsadvokat vil Advokatfirmaet Tollefsen bli presentert som ein juridisk ressurs for medlemmene i Bondelaget. Den juridiske avdelinga i Bondelaget vil òg kunne vise saker vidare til oss når medlemmene har behov for lokal eller særskild juridisk bistand.
Advokatfirmaet Tollefsen har frå før brei erfaring med mellom anna fast eigedom, landbruksrett, generasjonsskifte, arv, kontraktar, ekspropriasjon og tvistar. Den seinare tida har vi òg styrkt kompetansen vår innan personskade- og forsikringsrett. Dette er fagområde som er relevante for mange bønder, og som kan gi grunnlag for bistand til medlemmer i heile landet.
Saker som kjem gjennom samarbeidet, vil i første omgang gå til kontaktpersonane Arvid Mellingen og Kristine G. Celius. Dei vil deretter sørgje for at saka blir følgd opp av den advokaten hos oss som har den rette erfaringa og kapasiteten.
– Vi er svært glade for å bli vurderte som ein god samarbeidspartnar for Norges Bondelag. Avtalen er ei viktig anerkjenning av fagmiljøet vårt og passar godt med ambisjonen vår om å vere eit sterkt og tilgjengeleg advokatfirma for landbruket og næringslivet på Vestlandet, seier advokat og partner Kristine G. Celius.
Vi ser fram til samarbeidet – og til å bistå medlemmene i Norges Bondelag når dei treng juridisk rådgiving.