Utsending av norske arbeidstakarar til utlandet – sentrale rammer
Skal ein av dei tilsette jobbe frå utlandet i ein periode – på prosjekt, ved eit utanlandsk verft eller frå heimekontor i eit anna land? Då kan det oppstå plikter knytte til mellom anna arbeidsrett, skatt, trygd og registrering lenge før den tilsette reiser.
I denne artikkelen ser vi på kva norske arbeidsgivarar bør avklare før arbeidet tek til.
1. Når blir ein arbeidstakar rekna som utsend?
Ein utsend arbeidstakar er ein arbeidstakar som i ein avgrensa periode arbeider i eit anna land enn det landet arbeidsforholdet vanlegvis er knytt til. Det blir òg rekna som utsending når ei norsk verksemd, som ledd i tenesteyting, sender ein arbeidstakar til eit anna land innanfor EØS-området.
I praksis inneber dette at både norske reglar og reglane i arbeidslandet kan få betydning samtidig.
2. Kan norsk arbeidsavtale og norsk rett gjelde under heile utanlandsopphaldet?
I mange tilfelle kan arbeidstakaren behalde den norske arbeidsavtalen under eit tidsavgrensa utanlandsoppdrag. Ei mellombels utsending endrar ikkje nødvendigvis den vanlege arbeidsstaden. Det er likevel sjeldan tilstrekkeleg å avtale at berre norsk rett skal gjelde (jf. Roma I-forordninga (EU) 593/2008 artikkel 8 og LB-2015-51137).
Ufråvikelege reglar i arbeidslandet kan gjelde parallelt. Dette kan særleg vere reglar om lønns- og arbeidsvilkår, arbeidstid og kviletid, HMS og verneføresegner, ferie og fridagar, diskrimineringsvern og ulike dokumentasjons- og kontrollkrav.
Kva dette konkret inneber, varierer frå land til land. Det er ofte dei praktiske krava som skaper risiko dersom dei ikkje er avklarte på førehand. Reglane i det aktuelle arbeidslandet må derfor alltid vurderast særskilt.
Dersom arbeidet i utlandet skal vare i meir enn fire samanhengande veker, må det liggje føre ein skriftleg avtale før avreise, jf. aml.§ 14-7, jf. § 14-6. Avtalen skal mellom anna opplyse om kva land arbeidstakaren skal arbeide i, kor lenge opphaldet skal vare, kva valuta lønna skal betalast i, eventuelle ytingar knytte til utanlandsopphaldet og vilkåra for heimreise.
3. Skal lønna skattleggjast i Noreg eller i arbeidslandet?
Skatteplikta ved utsending av arbeidstakarar til utlandet blir avgjord gjennom eit samspel mellom dei interne skattereglane i arbeidslandet, norske reglar om skatteplikt og eventuell skatteavtale mellom Noreg og arbeidslandet.
Utgangspunktet er ofte at lønn blir skattlagd i det landet der arbeidet faktisk blir utført. Samtidig kan Noreg som bustadstat ha skattleggingsrett. Skatteavtalen mellom landa kan då avgrense arbeidslandet sin rett til å skattleggje inntekta og/eller påleggje Noreg å gi lemping for dobbeltbeskatning.
Skatteavtalane inneheld vanlegvis eit unntak for kortvarige arbeidsopphald, ofte omtalt som 183-dagarsregelen, jf. Mønsterskatteavtalen artikkel 15. Regelen inneber ikkje automatisk skattefritak. For at unntaket skal gjelde, må det typisk vere oppfylt at:
opphaldet i arbeidslandet ikkje overstig 183 dagar i den relevante perioden,
lønna blir betalt av, eller på vegner av, ein arbeidsgivar som ikkje er heimehøyrande i arbeidslandet, og
lønna ikkje blir belasta ein fast driftsstad eller anna skattepliktig tilstadevere som arbeidsgivaren har i arbeidslandet.
Dersom eitt av desse vilkåra ikkje er oppfylt, vil arbeidslandet normalt kunne skattleggje lønna, sjølv om arbeidsopphaldet er relativt kort.
Det er derfor viktig å ha løpande kontroll med kor mange dagar arbeidstakaren oppheld seg og arbeider i det enkelte landet, og å sørgje for korrekt fordeling av lønn mellom landa frå første dag. Utan tilstrekkeleg dokumentasjon kan både skattevurderinga og handteringa av eventuell dobbeltbeskatning bli krevjande.
Dei praktiske pliktene i arbeidslandet bør òg avklarast tidleg. I mange land utløyser arbeid krav om førehandregistrering av arbeidstakaren, og i enkelte tilfelle også arbeidsgivaren, i nasjonale register før arbeidet tek til. Slike plikter kan gjelde uavhengig av om lønna til slutt skal skattleggjast i arbeidslandet.
4. Kan arbeid i utlandet utløyse skatteplikt for selskapet?
Ei utsending kan også få skattemessige konsekvensar for den norske verksemda. Aktiviteten til arbeidstakaren i utlandet kan føre til at arbeidsgivaren blir rekna for å ha skattepliktig tilstadevere der, typisk i form av ein fast driftsstad.
Dersom selskapet blir rekna for å ha fast driftsstad i arbeidslandet, kan dette utløyse både lokal selskapsskatt og registrerings- og rapporteringsplikter.
Vurderinga er konkret, men vil ofte mellom anna avhenge av om verksemda har ein tilstrekkeleg stabil og varig aktivitet i landet, til dømes gjennom ein prosjekt- eller anleggsstad, om selskapet disponerer ein fast arbeidsplass, eller om personell i landet i praksis har fullmakt til å binde selskapet gjennom kontraktar eller andre disposisjonar.
Arbeidsgivaren bør derfor tidleg setje seg inn i reglane i arbeidslandet og etablere rutinar som sikrar korrekt etterleving dersom det oppstår registrerings- eller skatteplikt.
5. Kva skjer med trygd og arbeidsgivaravgift når den tilsette arbeider i utlandet?
Innanfor EØS er hovudregelen at arbeidstakaren er omfatta av trygdeordninga i det landet der arbeidet faktisk blir utført, sjå Forordning 883/2004.
Ved ei reell og mellombels utsending gjeld det likevel unntak. Arbeidstakaren kan då ofte halde fram som medlem i norsk folketrygd i inntil 24 månader, føresett at:
arbeidstakaren var medlem i norsk trygd før utsendinga,
den norske arbeidsgivaren driv reell verksemd i Noreg,
det er ei direkte tilknyting mellom arbeidstakaren og den norske arbeidsgivaren gjennom heile perioden, slik at arbeidsgivaren mellom anna har ansvar for tilsetjinga, arbeidsavtalen, lønn og oppseiing, og
arbeidstakaren ikkje er send ut for å erstatte ein annan utsend arbeidstakar.
Dersom vilkåra for unntaket ikkje er oppfylte og arbeidstakaren i staden blir omfatta av trygdeordninga i arbeidslandet, bør ein vurdere behovet for forsikringar som dekkjer ytingar som eventuelt ikkje er omfatta av den lokale trygdeordninga.
Ved utsending innanfor EØS bør arbeidsgivaren som hovudregel innhente A1-attest før arbeidet tek til. Attesten dokumenterer at arbeidstakaren framleis er omfatta av norsk trygd, og er viktig for korrekt handtering av trygdeavgift og arbeidsgivaravgift.
Arbeidsgivaravgifta følgjer som utgangspunkt trygdetilknytinga. Dersom arbeidstakaren er omfatta av trygdeordninga i eit anna land, skal arbeidsgivaravgifta i utgangspunktet betalast dit.
Ved arbeid utanfor EØS må det vurderast konkret om Noreg har inngått trygdeavtale med det aktuelle landet, og kva avtalen i så fall bestemmer.
6. Kva bør arbeidsgivaren avklare før den tilsette reiser?
Temaa ovanfor er blant dei viktigaste spørsmåla som må avklarast når arbeidstakarar skal sendast på oppdrag i utlandet. Før oppdraget tek til, bør arbeidsgivaren derfor gjere ei konkret vurdering av arbeidslandet, lengda på oppdraget og korleis arbeidet faktisk skal organiserast – mellom anna kva arbeidsgivarrolle den norske verksemda reelt vil ha under opphaldet.
God planlegging i forkant kan redusere risikoen for uventa skattekrav, registreringsplikter, trygdeproblem eller brot på arbeidsrettslege reglar i arbeidslandet.
Advokatfirmaet Tollefsen kan bistå både arbeidsgivarar og arbeidstakarar med planlegging og gjennomføring av internasjonale utsendingar, mellom anna med spørsmål knytte til arbeidsrett, skatt, trygd, registrerings- og rapporteringsplikter og avtaleverk.
Kontakt våre arbeidsrettsadvokatar:
Advokat Silje Flugheim Heggestad (Sogndal)
E-post: Silje@advokat-tollefsen.no
Advokatfullmektig Elling Aas Nakken (Sogndal)
Advokat Arvid Mellingen (Førde)
E-post: arvid@advokat-tollefsen.no
Advokat Silje Aasen Storebø (Sogndal)