Deltidstilsette sin rett på overtidsbetaling
Av: Silje Flugheim Heggestad og Elling Aas Nakken
Arbeidsmiljølova sitt skilje mellom meirarbeid og overtid kan innebere at deltidstilsette arbeider betydeleg utover avtalt stillingsprosent utan overtidskompensasjon – ei ordning som no er sett under press. EU-domstolen har peika på at dette kan utgjere ulovleg forskjellsbehandling, og norske domstolar byrjar å følgje opp. Kva betyr dette for gjeldande rett og praksis – og kva kan konsekvensane bli framover?
Skilje mellom meirarbeid og overtid.
Arbeidsmiljølova skil mellom meirarbeid og overtid, noko som gjer at deltidstilsette kan arbeide mykje utover avtalt stillingsprosent utan rett til overtidsbetaling. EU-domstolen har slått fast at dette kan vere ulovleg forskjellsbehandling, og norske domstolar har begynt å følgje denne linja. Samtidig pågår det rettsutvikling og vurdering av regelendringar, som kan få både praktiske og økonomiske konsekvensar for arbeidsgjevarar og arbeidstakarar.
1. Skiljet mellom meirarbeid og overtid
Arbeidsmiljølova skil i dag mellom meirarbeid og overtid. Overtid førekjem først når arbeidstida overstig grensene for alminneleg arbeidstid etter aml. § 10-4, dvs. 9 timar i løpet av 24 timar eller 40 timar i løpet av 7 dagar. Arbeid utanfor avtalt stillingsprosent, men innan desse grensene, blir rekna som meirarbeid og uløyser ikkje overtidstillegg. Grensene er dei same for heiltids- og deltidstilsette.
Konsekvensen er at deltidstilsette kan jobbe langt utanfor avtalt stillingsprosent utan krav på overtid: Ein 50 % stilling kan i praksis innebere opptil 40 timar i veka utan overtidsbetaling.
Er ei slik praktisering lovleg?
2. EU-domstolens linje: Forholdsmessig innslagspunkt og diskrimineringsrisiko
EU-domstolen har både sakene C‑660/20 (Lufthansa) og i de foreina sakene C‑184/22 og C‑185/22 (Dialyse) slått fast at det å bruke same overtidsterskel for heiltids- og deltidstilsette utgjer ulovleg forskjellsbehandling som ikkje kan forsvarast ut frå objektive grunnar. Kjernen i dommane er at deltidstilsette skal ha rett til overtidsbetaling allereie frå den augneblinken de jobbar utover sin avtalte stillingsprosent – med mindre det kan påvisast saklege grunnar for det motsette. Det er vidare framheva at ordninga kan innebere indirekte kjønnsdiskriminering, ettersom deltidsstillingar i langt større grad er fylt av kvinner enn av menn.
EU-domstolens avklaring er direkte relevant for norsk rett, og tyder på at dagens praksis ikkje er i tråd med EØS-retten.
3. Utvikling i norsk rett – Arbeidsgruppe og pågåande søksmål
I lys av EU-domstolens nyare avgjerder har regjeringa nedsett ei arbeidsgruppe med representantar frå arbeidsgjevar- og arbeidstakarsida, som skal vurdera handlingsrommet i EØS-retten og eventuelt foreslå lovendringar i reglane om kompensasjon for meirarbeid og overtid. Rapport skal leverast til Arbeids- og inkluderingsdepartementet innan 1. september 2026. Dette inneber at eventuelle regelendringar kan ligga eit stykke fram i tid, og at det difor er viktig å fylgja med på rettsutviklinga; utfallet vil kunna få betydning både for arbeidstakarar og arbeidsgjevarar.
Parallelt har mellom anna Norsk Sykepleierforbund varsla omfattande søksmål med krav om overtidsbetaling for deltidstilsette allereie frå arbeid utover avtalt stillingsprosent, basert på at dagens terskel kan innehalda ulovleg forskjellsbehandling. To saker har allereie vore til behandling;
I Søndre Østfold tingrett av 25. februar 2026:
Saka gjaldt krav om overtidsbetaling for meirarbeid utført utover avtalt stillingsprosent, men innan alminneleg arbeidstid. Spørsmålet var om tariffavtalen sitt felles innslagspunkt for overtid for heil- og deltidstilsette var i strid med diskrimineringsforbodet i arbeidsmiljølova § 13-1 og deltidsdirektivet. Fleirtalet fann at arbeidstakar var utsett for forskjellsbehandling i perioden han var fast deltidstilsett, og at arbeidsgjevar ikkje hadde påvist saklege og objektive grunnar etter § 13-3 for å rettferdiggjera unntak frå diskrimineringsforbodet. Innslagspunktet var ikkje forholdsmessig tilpassa stillingsbrøken, og arbeidstakar vart tilkjend erstatning for manglande overtidsbetaling etter § 13-9.
I Hedmarken og Østerdal tingrett av 19. mars 2026:
En helsefagarbeidar i 80 % stilling kravde overtidsbetaling for arbeid utover avtalt stillingsprosent, sjølv om timane låg innanfor ordinær heiltidsarbeidstid. Retten slo fast at lågare godtgjersle for meirtid for deltidstilsette er ulovleg forskjellsbehandling, og la til grunn pro rata temporis-prinsippet, som krev eit forholdsmessig justert innslagspunkt for overtid. Arbeidsgivar ble dømt til å etterbetale 190 023 kroner pluss renter.
Tingrettsavgjerdene tyder på at norske domstolar byggjer på EU-domstolens føringar når dei vurderer deltidstilsette sine krav på overtidsbetaling. Avgjerdene kan også påverke konklusjonane i utredninga arbeidsgruppa skal levere 1. september.
4. Kan EU-avklaringa få utilsikta verknader?
EU-domstolens linje kan skape utfordringar og reisa spørsmål om praktisk gjennomføringsevne. For det første kan ho forskyve insentiva i retning av deltidsarbeid: Dersom tillegg vert utløyst tidlegare for deltidstilsette enn for heiltidstilsette, kan det i enkelte periodar verta meir lønsamt å ha deltidsstilling og ta ekstravakter enn å stå i full stilling.
For det andre kan ordninga gje uønskte interne utslag. To tilsette kan utføra same timeverk i løpet av ein månad, men likevel motta ulik samla godtgjersle – til dømes der ein arbeidstakar i 60 %-stilling jobbar seg opp til «heiltidsnivå» og får tillegg, medan ein heiltidstilsett med same timetal ikkje gjer det. Om det berre er tilstrekkeleg at den deltidstilsette arbeidar utover det arbeidsavtalen tilseier til å grunngi ein slik skilnad, er ikkje avklart. I tillegg kan auka meirkostnader føra til at arbeidsgjevarar i større grad avgrensar tilbodet om meirtid og heller dekkjer behovet gjennom fleire deltidsstillingar eller auka bruk av vikarar. Ei generell omlegging kan dermed gje betydelege kostnadsaukingar – særleg i turnus- og bemanningstunge sektorar – utan at det er openbert at gevinsten står i eit klart og pårekneleg forhold til dei samla verknadene.
5. Konsekvensar og anbefalte tiltak i påvente av avklaring
Den pågåande rettsutvikling skaper utryggleik for arbeidsgjevarar: Bruk av deltidstilsette til ekstravakter utover avtalt stillingsprosent kan utløyse krav om etterbetaling av overtidslønn og mogleg erstatningsansvar for diskriminering. NHO har difor frårådd slik bruk medan søksmåla går føre seg, og vist til tilkallingsvikarar/innleige, eventuelt mellombels auking av stillingsbrøk, som mellombelse alternativ.
For arbeidstakarar kan ei omlegging i tråd med EU-domstolens linje gje sterkare krav på tillegg ved arbeid utover avtalt stillingsprosent, men samtidig kan auka kostnadar føra til færre ekstravakter/meirtid. Utfallet av søksmåla, arbeidsgruppa sin rapport og eventuelle lovendringar vil avklara om norsk rett må tilpassast; i mellomtida bør arbeidsgjevarar gjennomgå rutinar, kompensasjonspraksis og dokumentasjon knyta til meirarbeid.
Har du spørsmål knytt til overtidsbetaling for deltidstilsette, eller ynskjer du ein vurdering av korleis den rettslege utviklinga kan påverka di verksemd eller ditt tilsetjingsforhold? Ta gjerne kontakt med oss.
Silje Flugheim Heggestad
Silje Flugheim Heggestad er managing partnar i Advokatfirmaet Tollefsen, med bakgrunn i firmaet sidan 2015. Ho har brei erfaring innan forretningsjus, særleg kontrakt, selskapsrett, transaksjonar og arbeidsrett. I tillegg leiar ho konkursfaggruppa og har omfattande praksis som bustyrar og rådgjevar for næringslivet.
Kontakt:
Telefonnummer: 916 44 035
e-post: silje@advokat-tollefsen.no
Elling Aas Nakken
Elling Aas Nakken er advokatfullmektig ved kontoret i Sogndal, med master i rettsvitskap frå 2025. Han arbeider breitt innan privatrett, særleg med personrett, arbeidsrett og fast eigedom.
Kontakt:
Telefonnummer: 91 30 44 27