Elling Aas Nakken
Kontaktinformasjon
Tlf.: 91 30 44 27
E-post: elling.nakken@advokat-tollefsen.no
Elling Aas Nakken er advokatfullmektig ved kontoret vårt i Sogndal. Han fullførte mastergraden i rettsvitskap ved Universitetet i Tromsø hausten 2025, der han skreiv masteroppgåve innan arbeidsrett.
Som ny advokatfullmektig får Elling arbeide med eit breitt spekter av saker på tvers av firmaet sine rettsområde. Dette gir han verdifull erfaring frå både privatrettslege og forretningsjuridiske problemstillingar, og høve til å utvikle kompetanse innan fleire fagfelt.
Elling har eit særleg engasjement for arbeidsrett og følgjer utviklinga på området tett. Han har også ei sentral rolle i firmaet sitt arbeid med kunstig intelligens og ny teknologi, og arbeider aktivt med å identifisere korleis nye verktøy kan nyttast for å skape betre og meir effektive tenester for klientane våre.
Gjennom kombinasjonen av juridisk faglegheit, teknologisk interesse og stor lærevilje bidreg Elling med nye perspektiv i arbeidet vårt.