Ny leiingsmodell i Advokatfirmaet Tollefsen

Advokatfirmaet Tollefsen AS har gleda av å kunngjere at advokat Silje Flugheim Heggestad tiltrer som ny managing partner i selskapet. Samstundes har firmaet fått ny styreleiar og planlegg styrking av satsninga i Sunnfjord. Endringane markerer eit viktig, men naturleg, generasjonsskifte i selskapet, med tydeleg vekt på kontinuitet og vidareføring av verdiane til firmaet.

Ny managing partner – Silje Flugheim Heggestad

Silje Flugheim Heggestad går inn i rolla som managing partner, og vil samstundes halde fram i si stilling som advokat i firmaet.

I den nye rolla vil ho ha det overordna ansvaret for den daglege drifta, vidare utvikling av firmaet og oppfølging av strategien til selskapet.

Eg ser fram til å vidareføre og vidareutvikle det solide fundamentet som er bygd opp gjennom mange år. Vi skal vere eit fagleg sterkt og tilgjengeleg advokatfirma for klientane våre, samstundes som vi tek vare på kulturen og dei verdiane som har prega Advokatfirmaet Tollefsen sidan oppstarten, seier Heggestad.

Heggstad har lang fartstid i firmaet, frå trainee til partnar, og har opparbeidd seg solid forståing for både fag, drift og kultur. Ho er også i eit strukturert leiarutviklingsløp.

Ny styreleiar og styrking av satsinga i Sunnfjord

Samstundes tiltrer advokat Kristine Geirsdatter Celius som ny styreleiar i Advokatfirmaet Tollefsen AS.

Som styreleiar vil Celius ha eit særleg ansvar for å medverke til god verksemdsstyring og langsiktig strategisk utvikling av selskapet.

Eg er stolt over å få tilliten til å leie styrearbeidet i Advokatfirmaet Tollefsen. Vi går inn i ein ny fase med fornying i leiinga, men med ein tydeleg raud tråd tilbake til historia og verdigrunnlaget til firmaet, seier Celius.

Som del av den vidare strategiske utviklinga vil advokat og partner Arvid Mellingen flytte til Førde i løpet av sommaren 2026. Advokat Mellingen tek over ansvaret for satsinga i Sunnfjordsområdet, med mål om å styrkje tilstadeveret vårt lokalt og gje klientane i regionen endå betre tilgang til juridisk kompetanse.

Om Advokatfirmaet Tollefsen

Advokatfirmaet Tollefsen er eit forretningsjuridisk advokatfirma med lange tradisjonar og eit sterkt fagleg miljø. Sidan oppstarten i 1990 har firmaet bistått eit breitt spekter av klientar med juridisk rådgiving og prosedyre.

Firmaet kombinerer solid juridisk kompetanse med eit sterkt fokus på tilgjengelegheit, kvalitet og praktiske løysingar for klientane sine.

Vi går inn i ein ny fase for selskapet, og ser fram til å vidareutvikle firmaet med eit tydeleg mål om å vere det naturlege førstevalet for advokattenester i Sogn og Fjordane.



Neste
Neste

Våre opningstider påska 2026