Tvist etter kjøp eller sal av eigedom

Er ikkje den nye bustaden slik du forventa? Vi har advokatar med lang erfaring som bistår i tvistar knyta til feil og manglar ved kjøp/sal av eigedom.

Kjøp av bustad er ofte den største investeringa som privatpersonar gjer i løpet av livet. I 2022 kom ei viktig lovendring som skulle gjere bustadkjøp tryggare og redusere talet tvistar. Trass i at regelverket har blitt klårare, oppstår det framleis tvist i samband med kjøp og sal av fast eigedom.

Typiske problemstillingar

Dei fleste tvistar som oppstår i samband med bustadkjøp gjeld feil og manglar. Døme på typiske manglar som blir gjenstand for konflikt er:

  • Lekkasje/fukt

  • Feil ved drenering

  • Skadedyr

  • Mugg, sopp, råte

  • Feil ved elektrisk anlegg

  • Arealavvik

Dersom eigedomen har ein mangel kan det utløyse krav på retting, prisavslag, heving og/eller erstatning. For å unngå at eit eventuelt mangelskrav går tapt, må kjøparen sørge for å reklamere ovanfor seljaren innan rimeleg tid. I mange tilfelle vil det også vere naudsynt å innhente fagkunnig bistand, til dømes frå ein takstmann, for å vurdere og dokumentere mangelen.

Våre tenester

Våre advokatar har lang erfaring med tvistar som har oppstått i samband med kjøp og sal av fast eigedom. Vi kan hjelpe deg med å vurdere om det ligg føre ein mangel, kva krav du eventuelt har og korleis du bør gå fram for å sikre dine rettar. Våre advokatar bistår både i forhandlingar og eventuell tvisteløysing for domstolane. Vi bistår både seljar- og kjøparsida.

Våre advokatar har kontor i Sogndal, Førde og Florø, og bistår klientar i heile Sogn og Fjordane.

Rettshjelpsforsikring

Dei fleste bustad- og innbuforsikringar inkluderer såkalla rettshjelp. Det inneber at du kan få dekka store deler av kostnadane til advokatbistand dersom du skulle hamne i ein tvist etter kjøp/sal av eigedom. Vi hjelper deg med å undersøke om du har relevant forsikring som dekker tvisten.

 
 
 

Våre eigedomsadvokatar