Avklaring frå Høgsterett – gåver gitt før 2021 kan avkortast i arveoppgjeret 

Av: Kristine G. Celius

Har du hjelpt barna eller andre arvingar med pengar til bustad, nedbetaling av lån eller oppstart av verksemd? Då er du langt frå åleine. Mange gir større pengegåver undervegs i livet. Då kjem ofte spørsmålet: Skal gåva reknast som forskot på arv, og dermed trekkjast frå i det framtidige arveoppgjeret?  

Denne artikkelen forklarer – med utgangspunkt i ei fersk avgjerd frå Høgsterett – kva som gjeld for gåver gitt før og etter 1. januar 2021, og kva dette betyr for deg og familien din.  

Avklaring frå Høgsterett

I HR-2025-1182-A slo Høgsterett fast at gåver som blei gitt før 1. januar 2021, skal vurderast etter reglane i den gamle arvelova. Det inneber at arvelatar kan kome med eit ønskje om at arven skal avkortast også etter januar 2021, når gåva er gitt før dette. 

Viktig endring i arvelova  

Den nye arvelova trådde i kraft 1. januar 2021 og krev at arvelatar gir melding om at gåva er forskot på arv samtidig som gåva blir gitt. Etter den gamle arvelova kunne arvelatar når som helst avgjere om gåva skulle reknast som forskot på arv eller ikkje. Kva skjer då med gåver som er gitt før 1. januar 2021, der arvelatar ikkje har avklart om gåva skal avkortast i arveoppgjeret? Høgsterett har no gitt eit tydeleg svar på spørsmålet.  

  

Avklaring frå Høgsterett  

I HR-2025-1182-A slo Høgsterett fast at gåver som blei gitt før 1. januar 2021, skal vurderast etter reglane i den gamle arvelova. Det inneber at arvelatar kan kome med eit ønskje om at arven skal avkortast også etter januar 2021, når gåva er gitt før dette.  

For gåver gitt etter 1. januar 2021 skal reglane i den nye arvelova leggjast til grunn. Det betyr at arvelatar må fastsetje eit krav om avkorting samtidig som gåva blir gitt.  

Avkorting betyr enkelt sagt at verdien av gåva blir trekt frå arven til den som har fått gåva, slik at dei andre arvingane blir stilte mest mogleg likt. Eit typisk døme er at eitt barn får pengar til eigenkapital ved bustadkjøp, medan dei andre barna ikkje får noko tilsvarande der og då. Ved avkorting kan ein justere for dette når arven seinare blir delt. 

  

Kva betyr dette for deg?  

  • Har du gitt ei økonomisk gåve før 1. januar 2021, kan du framleis avgjere at gåva skal avkortast i det framtidige arveoppgjeret.  

  • Gir du ei økonomisk gåve etter 1. januar 2021, må du – dersom du ønskjer avkorting – fastsetje dette seinast samtidig som gåva blir gitt.  

  

Få hjelp til å unngå konfliktar i arveoppgjeret  

Usikkerheit rundt gåver og forskot på arv skaper ofte konfliktar i arveoppgjeret, særleg der foreldre har hjelpt eitt eller fleire barn økonomisk undervegs i livet. 

Advokatfirmaet Tollefsen AS har lang erfaring innanfor arverett og bistår deg gjerne i arveoppgjer og med eventuelle spørsmål. 

Vi kan hjelpe deg med å: 

  • vurdere om tidlegare gåver bør reknast som forskot på arv 

  • utforme klare og forståelege gåvebrev og testament 

  • gjennomføre arveoppgjer på ein ryddig og konfliktførebyggjande måte 

Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat om situasjonen din. 

 

 

Kristine G. Celius

Advokat Kristine Geirsdatter Celius har arbeidd som advokat i Advokatfirmaet Tollefsen sidan 2017, og kom frå stillinga som dommarfullmektig i Sogn og Fjordane tingrett.

1. juli 2023 gjekk ho inn som partnar og styremedlem i Advokatfirmaet Tollefsen.

Celius har brei kompetanse frå ulike juridiske fagfelt og arbeider med tvisteløysing på tvers av firmaet sine forretningsområder. Ho er leiar for faggruppe for forretning og bistår klientar med spørsmål innanfor kontrakts- og selskapsrett, immaterialrett, fast eigedom og tingsrett.

Epost: kristine@advokat-tollefsen.no

Tlf: 97 69 72 51

Neste
Neste

Gode rutinar og trygg oppfølging: Kva krev lova av arbeidsgjevar i ei varslingssak?