Gode rutinar og trygg oppfølging: Kva krev lova av arbeidsgjevar i ei varslingssak?

Varslingsak

Har verksemda di klare rutinar for varsling?

Det er ikkje berre eit lovkrav – det kan vere avgjerande når ein arbeidstakar oppdagar noko alvorleg.

Varslingssaker kan vere både ubehagelege og krevjande, men med gode rutinar på plass kan du sikre at saka blir handtert trygt og korrekt. Krav til rutinar og oppfølging av varslar handlar om å legge omstenda til rette for varsling, og på denne måten bidra til at ytringsfridomen brukast slik at kritikkverdige forhold avdekkjast og utbetrast utan at varslaren møter negative sanksjonar.

Av: Elly Kalland

Kva kan det varslast om?

Arbeidstakarar har rett til å varsle om kritikkverdige forhold i verksemda (arbeidsmiljølova § 2 A-1). Med kritikkverdige forhold meinast forhold som er i strid med rettsreglar, skriftlege etiske retningslinjer i verksemda eller etiske normer som det er brei tilslutning til i samfunnet, som til dømes kan innebere:

-          fare for liv og helse

-          fare for klima eller miljø

-          korrupsjon eller annan økonomisk kriminalitet

-          myndigheitsmisbruk

-          uforsvarleg arbeidsmiljø

-          Brot på personopplysningssikkerheita

Kva krav stiller arbeidsmiljølova til deg som arbeidsgjevar?

Krav om interne varslingsrutinar

Har verksemda di fem eller fleire tilsette? Då har de lovpålagd plikt til å ha skriftlege rutinar for intern varsling (arbeidsmiljølova § 2 A-6). Også mindre verksemder kan ha ei slik plikt, dersom forholda tilseier det. 

Rutinane skal legge til rette for reell moglegheit for varsling, og er ein del av verksemda sitt arbeid med å fremje eit godt arbeidsmiljø. Lova understrekar at rutinane skal utarbeidast som ledd i det systematiske HMS-arbeidet i verksemda, i samarbeid med arbeidstakarar og tillitsvalte.

Rutinane skal vere skriftlege og lett tilgjengelege for arbeidstakarane, og skal minimum innehalde:

-          Ei oppfordring til å varsle om kritikkverdige forhold

-          Framgangsmåte ved varsling

-          Framgangsmåte for arbeidsgjevar si saksbehandling ved mottak, behandling og oppfølging av varsling

 

Krav til oppfølging av varslar – arbeidsgjevar si aktivitetsplikt

Når eit varsel kjem inn, må du som arbeidsgjevar handle. Lova er klar: Du kan ikkje vere passiv. For det første har du ei undersøkingsplikt, som inneberer at varselet innan rimeleg tid skal bli tilstrekkeleg undersøkt. Kva som utgjer «rimelig tid» må vurderast konkret i kvart enkelt tilfelle, med omsyn til varselets alvorsgrad, behovet for rask avklaring og den praktiske tida det vil ta å undersøke forholda. Kva som er «tilstrekklig» må også vurderast ut frå den enkelte saka. Det første arbeidsgjevar må gjere, er å vurdere om dette faktisk er eit varsel i tråd med arbeidsmiljølova sine reglar.  

For det andre har arbeidsgjevar ei særleg omsorgsplikt ovanfor varslaren. Arbeidsgjevar skal «særleg påse» at varslaren har eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø. Kravet til eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø gjeld til alle tider, og føresegna må difor bli forstått slik at varslaren får særleg merksemd. Dette inneberer ei plikt til å sikre tiltak for å førebygge gjengjelding mot varslaren, dersom det er nødvendig.

Kva kan skje om du ikkje følgjer opp varslar korrekt?

Manglande oppfølging av varslar kan få alvorlege konsekvensar:

-          Arbeidsgjevar kan bli pålagd tvangsmulkt av Arbeidstilsynet

-          Erstatningsansvar dersom varslaren blir utsett for gjengjelding

-          Omdømmeskade for verksemda

-          Dårlegare arbeidsmiljø og auka sjukefråvær

Ein god varslingssak handtert riktig kan derimot styrkje tilliten i verksemda og bidra til positive endringar.

Praktisk sjekkliste for arbeidsgjevarar:

✓ Har vi skriftlege varslingsrutinar som er lett tilgjengelege?

✓ Veit alle tilsette korleis dei varslar?

✓ Er rutinane ein del av HMS-systemet vårt?

✓ Har vi klare prosedyrar for oppfølging av varslar?

✓ Har vi system for å beskytte varslarar mot gjengjelding?

Advokatfirmaet Tollefsen bistår både arbeidsgjevarar og arbeidstakarar i varslingssaker

Vi hjelper verksemder med å oppdatere rutinar, gjennomføre risikovurderingar og sikre etterleving av arbeidsmiljølova på ein praktisk og løysingsorientert måte. Vi gir også rettleiing til arbeidstakarar som treng støtte i eigen varslingsprosess eller ved utfordingar i arbeidsmiljøet.

Våre advokatar har lang erfaring med varslingssaker og arbeidsmiljøkonfliktar, og bistår med å utvikle gode system for varsling, konfliktløysing og psykososialt arbeidsmiljø.

 

Advokatfullmektig Elly Kalland fullførte si mastergrad i rettsvitskap frå Universitetet i Bergen våren 2025.

Ho skreiv masteroppgåva  «Deltidstilsette sitt vern mot diskriminering ved overtidsbetaling».

Kalland jobbar frå vårt kontor i Førde, og er tilknytt faggruppa forretning.

Kontakt:

Tlf.: 46 83 47 90
E-post: elly.kalland@advokat-tollefsen.no

 
Neste
Neste

Når bør leiinga varsle leverandørar om økonomiske utfordringar?