Når bør leiinga varsle leverandørar om økonomiske utfordringar?
Av: May-Linn Sandvik
Mot slutten av året får mange verksemder eit klarare bilete av korleis økonomien faktisk ser ut. Budsjett blir reviderte, rekneskap blir gjennomgått – og det kan vise seg at tala ikkje ser like lyse ut som dei gjorde i vår. Då oppstår eit spørsmål mange leiarar kvier seg for å stille: Når bør vi fortelje leverandørane at situasjonen er krevjande?
Balansen mellom lojalitet og handlingsrom
Som utgangspunkt har verksemder eit handlingsrom til å prøve å snu ein vanskeleg økonomisk situasjon. Men samtidig har leiinga ei lojalitetsplikt overfor sine samarbeidspartnarar. Dersom det ikkje lenger er realistisk å gjere opp for nye leveransar, kan det oppstå ei plikt til å informere leverandørane.
Dette handlar både om etikk òg om ansvar. Dersom leiinga held fram med å bestille varer og tenester utan reell betalingsevne, kan det få konsekvensar både for selskapet og for dagleg leiar personleg.
Erfaring frå rettspraksis
Temaet vart grundig vurdert av Høgsterett i den såkalla Ulvesund-dommen (HR-2017-2375-A). Saka handla om eit skipsverft som hadde halde fram med å ta imot leveransar frå underleverandørar trass i dårleg økonomi, utan å informere om situasjonen. Då verftet gjekk konkurs, blei dagleg leiar halden personleg ansvarleg fordi han ikkje hadde sørgt for forsvarlege rekneskapsrutinar og løpande rapportering.
Høgsterett slo fast at leiinga har eit ansvar for å sikre oversikt over selskapet si reelle stilling, og at plikt til å varsle leverandørar kan oppstå dersom ein ikkje lenger med rimeleg grunn kan rekne med å kunne betale for nye leveransar. Dommen viser kor tett sambandet er mellom god økonomistyring og leiinga sitt ansvar – og at ansvar kan oppstå lenge før konkursen er eit faktum.
Internkontroll og oppfølging er nøkkelen
Det viktigaste vernet mot ansvar er god styring. Leiinga må ha løpande og oppdaterte talgrunnlag, slik at ein faktisk veit korleis likviditeten står. Særleg i periodar med press på kontantstraumen bør styret og dagleg leiar sørgje for:
Realistiske likviditetsprognosar og budsjett som blir følgde opp.
Klare rutinar for rapportering og vurdering av betalingsevne.
Tydelig dokumentasjon av dei vurderingane som blir gjorde undervegs.
Dersom situasjonen utviklar seg slik at betalingsevna blir usikker, bør leiinga tidleg drøfte korleis sentrale leverandørar kan bli informerte, og eventuelt korleis nye avtalar kan inngåast på tryggare vilkår.
Eit aktuelt tema ved årsavslutninga
I ein tid der mange verksemder møter høgare renter, dyr energi og usikre marknader, er temaet høgst aktuelt. God økonomistyring handlar ikkje berre om lønsemd, men òg om tillit, både til eigne medarbeidarar, kundar og leverandørar.
Å vere open om utfordringar kan i mange tilfelle vere det som reddar både samarbeidsforhold og verksemd.
Advokat May-Linn Sandvik har kompetanse frå ulike juridiske fagfelt. Hovedsakleg innafor forretningjuridiske saker, skatterettslege saker, kontrakt og kontraktsforhandlingar.
Kontakt:
Tlf.: 97 96 88 28
E-post: may-linn.sandvik@advokat-tollefsen.no