Ny advokatfullmektig Elling Aas Nakken
Det er ingen betre start på året enn å kunne ønskje nye tilsette velkomne til oss!
Vi starta 2026 med å få ein ny advokatfullmektig med på laget. Elling Aas Nakken fullførte mastergrad i rettsvitskap ved Universitetet i Tromsø hausten 2025.
Han skreiv masteroppgåve med tittelen «Avveiingen mellom ytringsfrihet og lojalitetsplikt i oppsigelsessaker».
Elling har spesialfag i arbeidsrett og skatterett i utdanninga si, og håpar sjølvsagt å få arbeide ein del med desse fagområda her hos Advokatfirmaet Tollefsen.
Elling har også hatt praksis ved Møre og Romsdal tingrett, der han fekk verdifull innsikt i arbeidet ved domstolen, noko som gav han auka forståing for prosess og argumentasjon. Denne kunnskapen er nyttig å ta med seg no når han går inn i rolla som advokatfullmektig.
Elling Aas Nakken er samfunnsengasjert og har erfaring frå både ungdomspolitikk og interesseorganisasjonar. I tillegg er han aktiv innan idrett og friluftsliv. Med både klatring og ski høgt oppe på interesselista, har han kome til eit eldorado no når han har busett seg i Sogndal.
Elling skal hovudsakleg arbeide i faggruppene personrett og eigedomsrett, og har kontorstad ved vårt kontor i Sogndal.
Velkomen til oss, Elling!