Plan- og bygningsrett

Advokatfirmaet Tollefsen bistår både offentleg mynde, privatpersonar og næringslivsklientar i saker som gjeld plan- og bygningsrett.

Plan- og bygningsretten er eit sentralt rettsområde som både set krav til planlegging ved utbygging og sjølve byggjefasen.

Rettsområdet omhandlar mellom anna spørsmål om korleis ein kan bruke ein eigedom, kva tiltak som er søknadspliktige og kva for krav det offentlege stiller til forskjellige tiltak på ein eigedom.

Plan- og bygningslova gjev dessutan offentleg mynde heimel til å etablere nye privatrettslege rettar dersom det er naudsynt. Til dømes opnar plan- og bygningslova § 27-3 for at plan og bygningsmyndigheitene kan tillate tilknyting til private vatn- og avlaupsanlegg, trass at det ikkje er ynskjeleg frå anleggseigar si side.

Advokatfirmaet Tollefsen bistår mellom anna i saker som gjeld:

  • Rekkefølgjekrav

  • Klager på dispensasjonar eller løyve

  • Rettslege problemstillingar som oppstår i reguleringsfasen

  • Byggjesøknadar

  • Offentlege pålegg


Står du ovanfor juridiske problemstillingar knytt til plan og bygningsrett? Kontakt oss i dag for juridisk rådgjeving.

Våre advokatar har kontor i Sogndal, Førde og Florø, og bistår klientar i heile Sogn og Fjordane.

 
 
 

Våre eigedomsadvokatar