Naborett og nabotvistar

Står du i tvist med naboen? Anten det dreier seg om støy- eller luktplager, tre som skuggar for sola eller byggetiltak som medfører tap av utsikt, har vi advokatar som kan hjelpe.

Det oppstår frå tid til anna tvist mellom naboar. Det kan dreie seg om støy- eller luktplager, tre som skuggar for sola eller byggetiltak som medfører tap av utsikt. Nabolova set grenser for kva ein nabo må tole av tiltak som påverkar eigedomen negativt. I tillegg har lova særreglar som fastset tillate høgder på tre og hekkar.

Nabolova § 2 – den naborettslege tolegrense

Utgangspunktet er at ein grunneigar kan utnytte sin eigedom som han vil, så lengje naboeigedomen ikkje blir påført skade eller ulempe som er urimeleg eller unødvendig. Om tolegrensa er overskride vil måtte avgjerast etter ei konkret vurdering, der det mellom anna er relevant å legge vekt på kva som er venteleg på etter tilhøva på staden og kva som er teknisk og økonomisk mogeleg å gjere for å hindre eller avgrense ulempene.

Tolegrensevurderinga kan ofte vere vanskeleg, og i mange tilfelle er det behov for juridisk bistand for å klarlegge rettar og pliktar. Våre advokatar kan hjelpe deg med dette.

Kva kan du krevje dersom naboen ikkje følgjer lova?

Dersom naboen ikkje etterlever nabolova sine reglar, kan du normalt krevje at han rettar opp i forholdet. Har du blitt påført økonomisk tap som følgje av det ulovlege tiltaket, kan det også vere grunnlag for krevje erstatning frå naboen.

Våre tenester

Vi har erfarne advokatar som kan bistå i alle typar nabotvistar. Vi har god kjennskap til gjeldande regelverk og lang erfaring både med forhandlingar og eventuell tvisteløysing for domstolane.

Våre advokatar har kontor i Sogndal, Førde og Florø, og bistår klientar i heile Sogn og Fjordane.

 
 
 

Våre eigedomsadvokatar