Full siger for Opheim - Jordskifteretten har avgjort kven som eig vegen til Loen Skylift!
Kven har eigentleg rett til å bruke den spektakulære vegen frå Opheim i Stryn til toppen av fjellet Hoven i Loen? De veit, den vegen som tek deg heilt til toppen av Loen Skylift.
Advokat Kristine Celius i Advokatfirmaet Tollefsen har det siste året bistått grunneigarane på Opheim i ein omfattande tvist om vegrett og beiterett mot nabogardane på Rake og Marså.
No har Sogn og Fjordane jordskifterett talt, og grunneigarane på Opheim har fått fullt medhald i begge hovudkrava: Grunneigarane på Rake og Marså har verken rett til å bruke vegen, eller beiterett i Opheim si heimeutmark. Opheim vart i tillegg tilkjend full erstatning for sine kostnadar knytt til vegspørsmålet.
Are Abraham Opheim, ein av grunneigarane, uttrykkjer stor lettnad etter dommen:
«Flagget er heist på Opheim i dag, og det er godt å få stadfesta at vi faktisk har dei rettane vi meiner at vi har.»
Vi gratulerer Opheim med resultatet, og takkar for tilliten i saka.
Dette er ei viktig avgjerd for grunneigarrettar og forutsigbarheit i utmarka.
Har du spørsmål om eigedomsrett, vegrett eller liknande saker?
Ta kontakt med Advokatfirmaet Tollefsen – vi står klare til å hjelpe deg!