Juridiske utfordringar ved eigedomstransaksjonar: Kjøp av næringseigedom
Kjøp av næringseigedom er ein kompleks prosess som involverer fleire juridiske vurderingar og potensielle fallgruver. I denne samanhengen er det vikig å gjere eit grundig forarbeid. Men kva er eigentleg det viktigaste å hugse på?
1. Due diligence
Før kjøp bør kjøpar gjennomføre ein såkalla “due diligence-prosess" (DD-prosess). Dette inneber å undersøke eigedommen sin tilstand, eksisterande leigeavtalar, reguleringsplanar og eventuelle hefte. Manglande eller ein lite grundig due diligence kan føre til uforutsette kostnadar og potensielle konfliktar i etterkant.
Ein DD-prosess kan vere både omfattande og tidkrevjande og ein bør ha riktig og kompetent fagpersonell til å gjennomføre denne prosessen.
2. Kjøpekontraktens vilkår
Ein god kjøpekontrakt er heilt sentral for å unngå potensielle tvistar.
Kjøpekontrakten bør difor klart definere forhold som kjøpesum, betalingsvilkår, overtaking og eventuelle atterhald. Ein ser ofte at uklare eller vage formuleringar kan føre til etterfølgjande tvistar mellom partane.
3. Hefte og servituttar/bruksrettar
Før kjøp er det også viktig å undersøke kor vidt eigedommen har hefte, servituttar/bruksrettar eller andre rettar som kan virke inn på bruken eller verdien av eigedommen. Slike atterhald bør avklarast før kjøpet for å unngå ubehagelege overraskingar.
Ein gjennomgang av hefte og rettar knytt til eigedommen gjer det også mogleg å ta stilling til om enkelte hefte kan og skal slettast før kjøpet. Ein bør ha eit medvite forhold til vidareføring av rettar.
4. Skatt og avgifter
Kjøp av næringseigedom kan medføre ulike skatte- og avgiftsplikter, som skatt utløyst ved salet, dokumentavgift, meirverdiavgift og eigedomsskatt. Det er viktig å forstå desse for å unngå økonomiske overraskingar i etterkant av kjøpet.
For å sikre ein smidig og trygg eigedomshandelprosess er det anbefalt å søke juridisk bistand. Vi bistår gjerne i din prosess med kjøp eller sal av næringseigedom.
Advokat Hanne Dale Sellevold har kompetanse frå ulike juridiske fagfelt, hovedsakleg innanfor erstatningsrett, forvaltningsrett, offentlige anskaffelser og spørsmål knytt til fast eigedom.
Ho bistår i løysing av juridiske problemstillingar på fleire ulike rettsområde.
Hanne Dale Sellevold er tilknytta faggruppa forretning.
Kontakt:
Tlf.: 98 86 90 12
E-post: hanne.sellevold@advokat-tollefsen.no