Tollefsen og SAGA
Nytt AI-verktøy gir oss betre tilgang til rettskjelder – til nytte for både advokatar og kundar
I Advokatfirmaet Tollefsen er vi alltid på jakt etter måtar å jobbe smartare og meir effektivt på, til beste for kundane våre. Difor har vi nyleg investert i det norske AI-verktøyet Saga, som no vert teke i bruk av alle advokatane våre.
Saga er eit moderne juridisk verktøy som gjer det mogleg å kombinere dokument, faktum og juridiske problemstillingarmed relevante rettskjelder – alt på éin og same plattform. Dette betyr betre oversikt, raskare analyse og meir treffsikre vurderingar. Dette samtidig som omsynet til GDPR og teieplikt er i vareteke.
Endå meir spanande er det at Saga no har inngått eitsamarbeid med Gyldendal Rettsdata, som gjer at vi får tilgang til eit omfattande bibliotek av rettskjelder direkte i plattforma – inkludert lover, forskrifter, forarbeid, og avgjerder frå Høgsterett og internasjonale domstolar. Dette er første gong slike kjelder vert gjort tilgjengelege i eitAI-verktøy for norske advokatar.
For oss betyr dette:
• Meir treffsikker juridisk rådgiving
• Endå betre kvalitetssikring av vurderingar og analysar
• Mindre tid brukt på manuelle søk – meir tid til faktisk problemløysing
For deg som kunde betyr det at vi kan gi raskare svar, med høgare presisjon og betre dokumentert fagleg grunnlag.
Slik Bosse Langaas, ein av gründerane bak Saga, seier det: "Dette er eit kvantesprang for advokatbransjen." Vi i Tollefsen er glade for å vere blant dei første som tek dette steget – og vi gler oss til å bruke teknologien til å styrke tenestene våre ytterlegare.
Vil du vite meir om korleis vi bruker AI i vår advokatkvardag, og kva det kan bety for di verksemd?
Ta gjerne kontakt!
Advokat og partnar Kristine Geirsdatter Celius har arbeidd som advokat i Advokatfirmaet Tollefsen sidan 2017.
1. juli 2023 gjekk ho inn som partnar og styremedlem i Advokatfirmaet Tollefsen.
Celius har brei kompetanse frå ulike juridiske fagfelt og arbeider med tvisteløysing på tvers av firmaet sine forretningsområder. Ho er leiar for faggruppe for forretning og bistår klientar med spørsmål innanfor kontrakts- og selskapsrett, immaterialrett, fast eigedom og tingsrett.
Celius er ein av to advokatar hos oss med forsikring som meklar, og bistår med alt frå salg av næringseigedom til rene eigedomsoppgjørsoppdrag for privatpersonar. Ho vert også janmleg oppnemnt som medhjelpar i tvangssalsaker for Sogn og Fjordane tingrett.
I tillegg til bakgrunn som dommarfullmektig i Sogn og Fjordane tingrett, var Kristine advokatfullmektig i tvisteavdelinga hjå Advokatfirmaet Thommessen i Oslo der ho var tilknytt immaterialretts-, media- og marknadsføringsgruppa.
Kontakt:
Tlf.: 97 69 72 51
E-post: kristine@advokat-tollefsen.no