Vi inviterer til frukost- og lunsjmøter

 Saman med NHO har vi gleda av å invitere deg til inspirerande frukost- og lunsjmøter der du vil få verdifulle praktiske tips og juridisk rettleiing som kan hjelpe deg i arbeidet med å handtere sjukefråvær.

 

NHO Advokat Nina Tennebekk vil halde eit innlegg om oppfølging av sjukemeldte, der ho vil belyse:

  • Lovens krav til oppfølgingsplan og dialogmøter

  • Tilretteleggingsplikten i arbeidsmiljøloven § 4-6

  • Arbeidstakar si medverknadsplikt

  • Gjennomføring av samtalar

Advokat og partnar i Advokatfirmaet Tollefsen Arvid Mellingen vil halde eit innlegg om framtidsfullmakt og kvifor dette er viktig på tenke på allereie no.

 

Du kan få med deg frukost og lunsj med fagleg påfyll her:

Førde 3. juni kl 11:30 - 13:30

Vi held lunsjmøte i Førde i våre lokaler i Fjellvegen 9 - Påmelding her: Fagleg lunsj i Førde

Kaupanger 4. juni kl 08:00 - 10:00

Vi held frukostmøte på ViteMeir, Kaupanger - Påmelding her: Fagleg frukost på Kaupanger

Vik 4. juni kl 12:00 - 14:00

Vi held lunsjmøte i Vik, Blix Hotell - Påmelding her: Fagleg lunsj i Vik

Frukost- og lunsjmøtene er kostnadsfrie og det vert matservering inkludert kaffi og te

Velkomen!

Forrige
Forrige

Open advokatdag for medlemar i Huseierne

Neste
Neste

Full siger for Opheim -  Jordskifteretten har avgjort kven som eig vegen til Loen Skylift!