Høyesterett med prinsipielle føringar for avtaletolking og krav til lojalitet i profesjonelle avtaleforhold
Av: Kristine Geirsdatter Celius
Kor mykje kan ein eigentleg leggje i det som ikkje står i ein kontrakt? I ei ny avgjerd frå Høyesterett i saka HR-2026-280-A blir nettopp dette sett på spissen. Dommen gir klare svar på korleis profesjonelle avtalar skal tolkast – og kor langt plikta til å opptre lojalt mellom partar faktisk strekkjer seg.
Då Høyesterett avgjorde tvisten i HR-2026-280-A, sette dei samtidig ein tydeleg standard for korleis profesjonelle kontraktar skal tolkast – og kor langt lojalitetsplikta eigentleg strekkjer seg. Dommen gir viktige signal til næringslivet: Det som står i avtalen, veg tyngst – og uklare forventningar kan bli kostbare.
Den 5. februar 2026 avsa Høyesterett dom i sak HR-2026-280-A, som gjaldt ein tvist mellom den norske byggevareprodusenten Isola AS og den tyske distributøren Dural GmbH. I dommen gir Høyesterett viktige prinsipielle føringar for avtaletolking og kravet til lojalitet i profesjonelle avtaleforhold.
Kort om saka
Det rettslege spørsmålet i saka var om Dural hadde brote ei eksklusivitetsplikt og/eller den ulovfesta lojalitetsplikta i ein langvarig leverandøravtale med Isola ved å innleie eit parallelt samarbeid med konkurrenten TeMa. Høyesterett kom til at avtalen sikra Dural ein rett til å kjøpe øvrige produkt så lenge volumplikta mot Isola vart oppfylt, og at avtalen med Isola ikkje inneheldt ei eksklusivitetsplikt. Det vart heller ikkje rekna for å vere bevist at partane hadde ei felles avtaleforståing som avveik frå dette.
Isola hevda at Dural hadde opptrådt illojalt ved forhandlingar med TeMa og ved seneire bruk av Isola sitt varemerke. Høyesterett konkluderte imidlertid med at handlingane verken braut med objektive avtaleplikter eller den generelle lojalitetsplikta etter avtalen, gitt avtalen si opne regulering og partane sitt profesjonelle forhold.
I og med at Dural dermed ikkje hadde gjort seg skuldig i noko «vesentlig mislighold» av sine plikter etter alminnelege avtalerettslege reglar, var vilkåra for heving ikkje til stades.
Dei prinsipielle sidene av saka
Saka reiste viktige prinsipielle spørsmål som har generell betydning langt ut over den aktuelle dommen. Desse knyt seg til Høyesteretts gjennomgang av rettsreglane for den objektive avtaletolkinga, og den samla gjennomgongen av dei materielle krava knytt til den ulovfesta lojalitetsplikta.
Objektiv avtaletolkning
Høyesterett understreka prinsipielt at profesjonelle kontraktar som hovudregel skal tolkast objektivt og at det skal leggjast stor vekt på ordlyden i avtalen. Det sentrale er kva avtaleteksten gir uttrykk for, sett «gjennom brillene» til ein fornuftig aktør i same situasjon. Med dette stadfestar Høyesterett ei sikker line i rettspraksis.
Ein av dommane det vart vist til som støtte for dette standpunktet var Rt-2002-1155 (Hansa Borg), hvor Høyesterett uttalte: «At prinsippet om objektiv fortolkning har særlig styrke i avtaler mellom næringsdrivende, understrekes av forretningslivets behov for sikkerhet og forutberegnelighet, som åpenbart fremmes best av en tolkning basert på objektive, tilgjengelige elementer.». Denne prinsipielle tilnærminga vart også understreka i Rt-2003-1132 (Norrønafly), kor Høyesterett gjengav uttalelsane i Hansa-Borg-dommen, samtidig som det vart presisert at også subjektive forhold kunne ha ei viss vekt i tolkinga: «Subjektive momenter ved fortolkningen kan imidlertid også i næringslivets kontrakter føre til en annen forståelse enn det som følger av kontraktens ordlyd. I de tilfeller det kan påvises at kontraktspartene har hatt en felles forståelse som avviker fra en naturlig forståelse av kontrakten, må den omforente forståelse legges til grunn. Det kreves i slike tilfeller relativt klare holdepunkter for at partene har vært enige om en avvikende forståelse.» Endeleg viste Høyesterett til dommen i Rt-2011-1553 (Bergen Group), kor det ble fremholdt at «Kontrakter og andre avtaledokumenter mellom profesjonelle næringsdrivende må i utgangspunktet fortolkes objektivt, jf. blant annet Rt-2003-1132 avsnitt 34 med videre henvisninger og Rt-2005-1447 avsnitt 32 hvor det fremheves at når en bank har avtalt at den skal garantere som selvskyldner overfor en næringsdrivende, må garantidokumentet undergis en objektiv tolking hvor ordbruken er vesentlig.» Det vart presisert at «Dersom det er klart at partene hadde en felles forståelse av teksten i et avtaledokument, kan den vanligvis legges til grunn uten at det er nødvendig å gå nærmere inn på tolkingen av ordlyden.»
I tråd med desse føringane frå tidlegere praksis, gav Høyesterett i HR-2026-280-A parten som hevda ei tolking i strid med den naturlege - objektive - ordlyden bevisbyrda for å sannsynleggjere ei felles partsforståing for dette på avtaletidspunktet. Dersom det ikkje let seg gjere å legge fram slike bevis, fell ein tilbake på den objektive ordlyden. Kvar part ber altså sjølv risikoen for sine føresetnader, dersom desse ikkje var (gjort) synbare for motparten.
Høyesterett presiserer at formålet med avtalen, systembetraktningar og kontekstuelle moment framleis har betydning, i tillegg til at lojalitetsomsyn vil kunne trekkast inn i tolkinga, men at hovudvekta ligg på ordlyden. I så måte vart argumentasjonen understøtta av ei tilvising til retningslinjene for avtaletolking i CISG art. 8, som inneber at også internasjonale tolkingsnormer trekker i retning av ein objektiv målestokk («reasonable person»).
Den ulovfesta lojalitetsplikta
I framhaldet av det alminnelege utgangspunktet om objektiv avtaletolking slo Høyesterett fast at det i norsk kontraktsrett også gjeld eit objektivt krav «til aktsom og lojal opptreden i avtaleforhold ikke bare ved stiftelsen, men så lenge forpliktelsen består». Denne plikta har si solide forankring i einsarta rettspraksis frå Høyesterett, særleg på 2000-tallet.
Høyesterett heldt fram at lojalitetsplikta i si alminnelege form kan ha tre forankringar:
- Lovføresegner (td. agenturlova § 5 og avtalelova §§ 33 og 36),
- uttrykkelege lojalitets- eller eksklusivitetsklausular i avtalen sjølv, eller
- eit ulovfesta krav til lojal og aktsam opptreden (minstestandard) som gjeld underforstått i alle kontraktsforhold, jfr.td. Rt-2004-1256 kor Høyesterett la til grunn at partane «hadde utvilsomt etter kontrakten en lojalitetsplikt overfor hverandre til å medvirke til at styret ga sitt samtykke».
Dette inneber altså at lojalitetskravet ikkje berre er av betydning som eit objektivt prinsipp for tolking av avtalar, men også vil kunne «utgjøre et selvstendig grunnlag for rettigheter og plikter mellom avtalepartene.
Ifølgje Høyesterett er lojalitetsplikta i avtaleforhold så vidt grunnleggjande at partane til ei viss grad også er forplikta til å ivareta den andre partens interesser, sjølv om dette skulle gå på bekostning av eigne interesser. Dette vert grunngjeve med at eit sentralt formål bak lojalitetsprinsippet er «å sikre forutsigbarhet, hindre rettsmisbruk, begrense konflikter og skade og fremme aktivitet og tillit i kontraktsforholdet».
Det seier seg sjølv at desse pliktene må ha visse avgrensingar, og Høyesterett presiserer at prinsippet om lojalitet må «balanserast mot prinsippa om kontraktsfridom og rettsvisse». Rekkjeevidda vil variere frå avtale til avtale, og når prinsippet ikkje er nedfelt i eit materielt regelverk er det partanes individuelle kontraktsforhold som utgjer grunnlaget. Då må vurderinga ikkje berre relaterast til teksten, men også til partanes relasjon, historikk og opptreden ovanfor kvarandre i vidare forstand. Høyesterett presiserte at «sentralt står de rimelige forventinger til den andre partens opptreden som avtaleforholdet samlet sett har skapt.»
Enkelte forhold vi skjerpe partanes lojalitetsplikter og eventuelt legge ei skjerpa plikt på den eine parten, typisk avtalar som sameiner partane i eit samarbeid om eit felles mål, langvarige avtaleforhold, avtaleforhold som går ut på å ivareta den eine parten sine interesser og avtalar med spesielle partskonstellasjonar (nærståande eller skeivt styrkeforhold). Motsatt
understreka Høyesterett at det i forretningsmessige og meir profesjonelle avtaleforhold må «forventes at partene selv identifiserer og avtalefester de sentrale rettighetene og pliktene som skal gjelde dem imellom. Har de blitt enige om en viss byrde- og risikofordeling, ligger det ikke til rette for å endre den med henvisning til lojalitetsplikten.» Her heldt Høyesterett fra at «de forretningsmessige vurderingene ligger til partene og ikke til domstolene. Skal avtalen endres, må det i tilfelle skje med hjemmel i avtaleloven § 36 eller læren om bristende forutsetninger. Lojalitetspliktens funksjon er først og fremst å utfylle avtalen der den er taus.»
Høyesterett trekkjer altså ei klar grense mot å bruke lojalitetsplikta som grunnlag for ein omkamp om allerede forhandla risiko- og byrdefordeling. Lojalitetprinsippet kan utfylle der kontrakten er taus eller uklar, men skal normalt ikkje «settes inn som brekkstang» for å omskrive klare vilkår.
Oppsummert innebærer Høyesteretts tilvisingar i HR-2026-280-A at den nærare fastleggjinga av kva lojalitetsplikta inneber i det enkelte avtaleforholdet, må bli konkret. Det sentrale i vurderinga vil vere kva rimelige forventninger til lojal opptreden som er skapt, og det vil variere fra avtaleforhold til avtaleforhold kva rettar og plikter som kan utleiast, og også kor høge krav til lojalitet som kan oppstillast.
Hva inneber dommen i praksis for næringslivet?
Dersom ein skal forsøke å trekkje noko praktisk lærdom ut av Høyesteretts dom, vil det vere sterkt å anbefale at profesjonelle næringslivsaktørar legg ressursar i ei mest mogleg presis og uttømmande regulering av grunnleggjande element i avtaleforholdet. Domspremissane viser at profesjonelle partar i mindre grad enn privatpersonar kan forvente at ein skal få «hjelp» av lojalitetsstandarden dersom avtalen som sådan er klar, og risikofordeling, eksklusivitet, informasjonsplikt mv. bør derfor avtalast eksplisitt.
Dommen skjerpar bevisbyrda der det vert gjort gjeldande at avtalen har eit anna materielt innhald enn det som følgjer direkte av ordlyden. Påstandar om avvikande felles forståing må sannsynleggjerast med klare, samtidige haldepunkt, slik som skriftleg korrespondanse, møtereferat mv. Ved mangel på slike bevis vil domstolane som hovudregel leggje den objektive ordlyden til grunn.
Høyesterett bekreftar lojalitetspliktas eksistens og betydning, særleg i langvarige og asymmetriske relasjonar. Prinsippet kan gje grunnlag for misleghaldsverknader og erstatning der avtalen er taus og motpartens opptreden «i urimelig grad undergraver» den eine partens interesser. Samtidig er Høyesterett klar på at lojalitetsprinsippet har ein yttergrense og normalt ikkje kan overstyre uttrykkjelege avtalevilkår. Her vil ein i staden vere tilvist til å bruke føresegner som avtl. §§ 33 og 36, eventuelt læra om «bristende forutsetninger» som grunnlag for revisjon av dei avtalte pliktene.
Oppsummert presiserer altså HR-2026-280-A at prinsippet om objektiv avtaletolking inneber at ordlyden normalt er einerådande i profesjonelle kontraktar. Vidare at kravet til partane sin gjensidige lojalitetsplikt vil vere ei sentral, fleksibel og ulovfesta norm også i eitkvart profesjonelt avtaleforhold, men med avgrensa rekkevidde når partane har regulert forholdet klart i avtalen. Partane og deira profesjonelle rådgivarar må følgjeleg leggje stor vekt på å sikre ei mest mogleg presis og tydeleg kontraktsutforming, og være seg bevisst at lojalitetsplikta kan slå inn på delar der avtalen er taus eller uklar.
Kristine Geirsdatter Celius
Kristine er advokat med solid erfaring innan kontraktsrett og kommersielle avtaleforhold. Ho arbeider særleg med rådgiving til næringslivskundar om utforming, forhandling og tolking av kontraktar, og har også erfaring med tvisteløysing og prosess. Kristine bistår klientar i ulike bransjar, og har særleg fokus på å identifisere risiko og sikre klare og føreseielege avtalar. Ho er oppteken av å gi praktiske, forretningsorienterte råd som er tilpassa den enkelte kundes behov.
Kontaktinformasjon:
Telefonnummer: 97 69 72 51
E-post: kristine@advokat-tollefsen.no