Erlend Henjesand - Trainee

 

Erlend Henjesand har nyleg avslutta traineeopphaldet sitt hos Advokatfirmaet Tollefsen. På knappe fire veker har han fått eit godt innblikk i korleis kvardagen som advokat faktisk er.

Gjennom opphaldet har han arbeidd med varierte og relevante problemstillingar innan fleire rettsområde – og fått prøve seg på oppgåver som ligg tett opp til det vi jobbar med til dagleg.

Vi set stor pris på innsatsen din, Erlend. Takk for at du valde oss – og lukke til vidare med masteren og vegen inn i arbeidslivet.

Dette seier han sjølv om opphaldet:

Opphaldet mitt hos Advokatfirmaet Tollefsen har vore svært positivt. Det er ein fin gjeng, og det er lett å trivast. Det eg har sett aller mest pris på, er den opne og inkluderande kulturen: terskelen er låg for å banke på ei dør, stille spørsmål og sparre med kollegaer som har høg fagleg kompetanse.

Samtidig har eg kjent tydeleg på skilnaden mellom studiekvardagen og praktisk juridisk arbeid. Som student får ein ofte meir “ferdig oppsette” problemstillingar, medan ein i praksis i større grad må kartleggje faktum sjølv og finne ut kva som er relevant. Difor har læringskurva vore bratt – som eg opplever som utviklande. Særleg har klientkontakt og det å vere med i retten vore spennande. Dette er verkelegheitsnært og gir eit heilt anna innblikk i dynamikken og prosessen.

Til andre som vurderer traineeplass her vil eg berre seie: søk. Kombinasjonen av dyktige folk, godt arbeidsmiljø, god balanse i kvardagen og omgjevnader med fjord og fjell er ganske sjeldan i denne bransjen.

Erlend

Vil du bli trainee hos oss?
Vi tek jamleg inn traineear og tilbyr opphald der du får arbeide tett på erfarne advokatar, med reelle problemstillingar og ansvar. Ta kontakt dersom du er nysgjerrig på moglegheitene.

Skriveplass hos oss?
Vi er også opne for studentar som ønskjer å skrive masteroppgåve i samarbeid med oss. Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat om aktuelle tema og oppfølging undervegs.

Kontaktperson trainee og skriveplass: Advokat Silje Heggestad

Neste
Neste

Når toppleiaren må gå med etterlønn – nye avklaringar fra Høgsterett