Når skal deltidstilsette få overtidsbetalt?
Som arbeidsgivar kan du snart måtte endre måten du lønner dine deltidstilsette for ekstra arbeid. To nye dommar frå EU-domstolen har skapt stor uvisse om dei norske reglane for overtidsbetaling står seg. Spørsmålet er enkelt, men konsekvensane kan vere store: Skal ein deltidstilsett ha krav på overtidstillegg allereie frå første time utover sin stillingsprosent?
Slik fungerer reglane i dag
I dag betalar du vanleg timelønn når ein deltidstilsett jobbar ekstra, også om dei går frå 50% til 60% stilling. Først når dei passerer 100% (altså full stilling), får han eller ho overtidstillegg. Dette gjelder likt for alle tilsette, uansett om dei jobbar deltid eller heiltid.
Slik fungerer reglane i dag
I dag betalar du vanleg timelønn når ein deltidstilsett jobbar ekstra, også om dei går frå 50% til 60% stilling. Først når dei passerer 100% (altså full stilling), får han eller ho overtidstillegg. Dette gjelder likt for alle tilsette, uansett om dei jobbar deltid eller heiltid.
Dette seier EU-domstolen: Norske reglar kan vere ulovlege
Kort forklart meiner EU-domstolen at det er det utgjer ulovleg forskjellsbehandling etter deltidsdirektivet når deltidstilsette må jobbe like mykje som heiltidstilsette før dei får overtidstillegg. Det betyr at EU-domstolen meiner at deltidstilsette har krav på overtidstillegg frå første time vedkommande jobbar ut over stillingsprosenten sin.
Dommane slår fast to viktige prinsipp. For et første meiner at det føreligg forskjellsbehandling dersom deltidstilsette får lågare lønn for same antal arbeida timar. Dette rammar tilfelle der deltids- og heiltidstilsette har formelt ulike lønnsvilkår, som til dømes ulik timelønn.
For det andre viser dommane at reglar som ser like ut på papiret, kan slå skeivt ut i praksis. Eit vilkår kan verke tyngre for deltidstilsette enn for heiltidstilsette, sjølv om ordlyden er den same. Difor meiner domstolen at ein må vurdere om det ligg føre forskjellsbehandling ut frå stillingsprosenten, ikkje berre om vilkåra formelt er like.
Kva tyder dette for deg som arbeidsgivar?
Det store spørsmålet er om Noreg må endre lova. EU-domstolen opnar for at kvart land kan ha eigne reglar dersom dei kan grunngjevast i legitime sosialpolitiske føremål. Samstundes er fagmiljø og partane i arbeidslivet usamde om norske sosialpolitiske føremål talar for ei endring eller ikkje.
Arbeidsgjevarorganisasjonane meiner at Noreg ikkje er pliktige til å endre dagens lovgjeving, og at det er gode grunnar til å behalde regelen slik den er. Arbeidstakarsida er derimot klar på at regelen må endrast. Begge sider i arbeidslivet meiner at sitt synspunkt fremjar ein heiltidskultur, samt vil redusere ufrivillig deltid.
Arbeidsgjevarsida peikar særleg på tre utfordringar ved ei eventuell endring: høgare lønskostnader, meir krevjande bemanningsplanlegging og risiko for at deltidsstillingar blir meir attraktive enn heiltidsstillingar.
Arbeidstakarsida framheve at ei endring vil føre til at fleire får større stillingar, og at også deltidstilsette blir kompensert for å selje fritida si. I tillegg vil ein slik regel fjerne arbeidsgjevar sitt incentiv om å primært bruke deltidstilsette ved behov for ekstra arbeidskraft, og slikt sett motverke utnytting av deltidstilsette.
Kva skjer no?
Arbeids- og inkluderingsdepartementet har sett ned eit utval som skal vurdere om den norske regelen må endrast. Resultatet skal liggje føre innan 1. september 2026. Fram til då må du rekne med at rutinane for overtidsbetaling kan bli endra på relativt kort varsel.
Advokatfirmaet Tollefsen følgjer denne utviklinga tett og held klientane våre oppdaterte. Har du spørsmål om korleis reglane kan slå ut for bedrifta di? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat.
Kristine G. Celius
Advokat Kristine Geirsdatter Celius har arbeidd som advokat i Advokatfirmaet Tollefsen sidan 2017, og kom frå stillinga som dommarfullmektig i Sogn og Fjordane tingrett.
1. juli 2023 gjekk ho inn som partnar og styremedlem i Advokatfirmaet Tollefsen.
Celius har brei kompetanse frå ulike juridiske fagfelt og arbeider med tvisteløysing på tvers av firmaet sine forretningsområder. Ho er leiar for faggruppe for forretning og bistår klientar med spørsmål innanfor kontrakts- og selskapsrett, immaterialrett, fast eigedom og tingsrett.
Epost: kristine@advokat-tollefsen.no
Tlf: 97 69 72 51