Ny advokat på plass i Førde - Silje Aasen Storebø
Vi er svært glade for å ønskje Silje Aasen Storebø velkomen som advokat ved kontoret vårt i Førde.
Silje er utdanna jurist ved Universitetet i Bergen, der ho fullførte mastergraden i rettsvitskap i 2009. Ho fekk advokatløyve i 2013 og har sidan opparbeidd seg brei erfaring frå både advokatpraksis og offentleg verksemd.
Dei siste ni åra har Silje arbeidd i prosedyreavdelinga i Nasjonalt klageorgan for helsetenesta. Der har ho representert staten ved Pasientskadenemnda i tvistesaker for domstolane og ført eit betydeleg tal saker for både tingretten og lagmannsretten. Ho har dermed solid erfaring med prosedyre, tvisteløysing og sivilprosess.
Tidlegare har Silje arbeidd som advokat i Advokatfirmaet Preto & Co DA og som jurist, advokatfullmektig og advokat med fagansvar i Crawford & Company (Norway) AS. Gjennom dette har ho fått erfaring med å representere både privatpersonar, selskap og staten, og med å vurdere saker frå ulike ståstader.
Hos oss vil Silje særleg arbeide med personskadeerstatning, forsikringsrett, familierett, arv og arbeidsrett. Ho tek også oppdrag som bistandsadvokat. Silje har særleg kompetanse på erstatningsutmåling og erstatningsoppgjer etter personskadar, mellom anna etter trafikkulykker, yrkesskadar, pasientskadar og valdsofferskadar.
Silje har no flytta til Førde med familien for å overta ein gard. Vi er svært glade for å få ein advokat med Silje si erfaring og kompetanse med på laget. Ho vil ha kontorplass i Førde og styrkjer særleg kompetansen vår innan personskade, forsikring og prosedyre.