Tilbake til alle arrangementer

Frukostmøte

  • Advokatfirmaet Tollefsen AS 9 Fjellvegen Førde, Vestland, 6800 Norway (kart)

Hold av datoen i kalendaren din, og få ein god starta på dagen, saman med Innovasjon Norge og oss.

IPR Frukost

IMMATERIELLE VERDIAR

Er du og din bedrift bevisst på kva immaterielle verdiar de har?
Kva som er typiske immaterielle verdiar, og korleis forvalta dei?
Ein stor del av verdiane i ei moderne bedrift er immaterielle (ikkje-fysiske). Viss du forvaltar disse verdiane klokt kan du samtidig sikre konkurransefortrinnet ditt og dermed også auke bedrifta sin verdi.

 

Innovasjon Norge - Kristine K. Timberlid

 

Kristine Kopperud Timberlid frå Innovasjon Norge skal fortelle korleis Innovasjon Norge kan hjelpe deg med å sikre dine immaterielle verdiar.

Ho vil gje deg konkrete dømer frå bedrifter som har fått hjelp.
Kristine forteller også om korleis Innovasjon Norge kan bistå bedrifter i ein oppstartsfase, bedrifter i vekst og bedrifter som planlegg å utvide verksemda til internasjonale marknadar.

 

Advokatfirmaet Tollefsen -Kristine Celius

Advokat Kristine Celius har 10 års erfaring med IPR-rådgjeving og bistår jamleg bedrifter med å identifisere og forvalte sine immaterielle verdiar, til dømes gjennom rådgjeving, varemerkeregistrering, lisensavtalar eller rettslege skritt for å stanse ulovleg krenking av immaterielle rettar.

Kristine vil presentere den «immaterielle verktøykassa» og gi dømer på kva du bør tenke på når du skal leggje ei god IPR-strategi for di bedrift.

 

Sunnfjord U40 - Sigrid Eikeland

Sunnfjord U40 er eit nytt, veksande og ei svært populær nettverksbygging. U40 finner vi også i Sogn og ein variant i Nordfjord. Sigrid kjem til vår frukost for å informere og fortelle litt om nettverksarbeidet dei jobbar med i Sunnfjord, og ikkje minst kvifor det er viktig å bygge eit nettverk av unge ambisøse sunnfjordingar.

 
Neste
Neste
23. januar

Vi etablerer oss i Florø!