May-Linn Sandvik blir partnar – styrkjer Advokatfirmaet Tollefsen si satsing i Sunnfjord

Vi er glade for å kunne dele at May-Linn Sandvik tiltrer som partnar i Advokatfirmaet Tollefsen frå 1. juli 2026.

May-Linn har på kort tid blitt ein viktig del av firmaet. Ho har opparbeidd seg ein sterk posisjon både blant klientar og kollegaer gjennom høg fagleg kvalitet, stort engasjement og ei praktisk tilnærming til juridiske problemstillingar.

Ho arbeider særleg med fast eigedom, kontraktsrett, konkurs og annan forretningsjuridisk rådgjeving. May-Linn bistår både næringslivsklientar og privatpersonar, og er kjent for å vere løysingsorientert, grundig og tilgjengeleg.

Eg er både stolt og takksam for tilliten eg har fått. Advokatfirmaet Tollefsen er eit firma med dyktige kollegaer, spennande klientar og sterke lokale røter. Eg ser fram til å vere med på den vidare utviklinga av firmaet og bidra til at vi held fram med å levere juridiske tenester av høg kvalitet til klientane våre,

seier May-Linn

For Advokatfirmaet Tollefsen er partnarskapet eit uttrykk for ei langsiktig satsing på eigne medarbeidarar og vidare utvikling av firmaet. Partnarskapet er også eit viktig steg i den vidare utviklinga av Advokatfirmaet Tollefsen i Sunnfjord-regionen. May-Linn er frå Florø og har ei sentral rolle i firmaet si satsing i kystregionen. Gjennom arbeidet sitt har ho opparbeidd seg eit sterkt nettverk og god kjennskap til næringslivet i området, noko som gjer henne til ein viktig ressurs i den vidare utviklinga av kontora våre i Florø og Førde.

Saman med at partnar Arvid Mellingen flyttar til Førde til hausten, er partnaropptaket eit ledd i firmaet sin strategi om å styrkje og vidareutvikle tilbodet vårt i Sunnfjord og Kinn.

Silje Flugheim Heggestad, managing partnar

“May-Linn har blitt ein svært viktig ressurs for firmaet. Ho kombinerer høg fagleg kompetanse med godt skjønn, stor arbeidskapasitet og eit sterkt engasjement for klientane våre. Ho har også vore eit verdifullt bidrag til arbeidsmiljøet og kulturen i firmaet. Vi er svært glade for at ho no går inn på eigarsida.”

 

Vi gratulerer May-Linn med partnarskapet og ser fram til fortsetjinga.

Forrige
Forrige

Skal idrettslaget vise VM-kampar? Sjekk reglane først!

Neste
Neste

EUs nye cybersikkerhetsdirektiv kommer – er virksomheten din klar?