Lansering av Styrekandidat Vest 19.mars.

Tysdag 19.mars inviterar Sogn Næring og Sunnfjord Utvikling til lansering av Styrekandidat Vest.

Styrekandidat Vest er ein database som koplar personar som er interessert i styreverv saman med bedrifter som søker nye styremedlemmer. Målet med prosjektet er å profesjonalisere styrearbeidet i bedrifter i Vestland ved å auke andelen kvinner, inkludere fleire unge og få inn fleire eksterne styremedlemmer.

Gjennom Styrekandidat Vest får styrekandidatar mogelegheit til opplæring. Det vil bli halde fleire styrekurs i året, ved Advokatfirmaet Tollefsen AS. Kursa vert lagde til regionane Sogn og Sunnfjord.

Styrekandidat vest vert levert av Formue, Sogn Næring, Sunnfjord Utvikling, Advokatfirmaet Tollefsen, Høyanger Næringsutvikling og Framtidsfylket Vestland

Lansering er tysdag 19. mars kl 11. på Quality Hotel Sogndal. Velkommen for presentasjon av prosjektet og dei som står bak, etterfølgd av lunsj og mingling.

Du kan lese meir på styrekandidat-vest.no