Er det på tide å starte med arveplanlegginga?

Eig du hus, hytte og/eller bil, og er lånet nesten nedbetalt? Då har du sannsynlegvis litt større formue enn du trudde. Du bør då starte å tenke på korleis arv etter deg skal fordelast. Kanskje bør noko utdelast allereie no?

På bakgrunn av bl.a. verdiauke knytt til eigedom, er det mange som har ein så stor formue at vedkomande kan bestemme mykje i eit testament utan å kome i konflikt med arvelova sine reglar om til dømes pliktdelsarv.

Arveplanlegging er ein viktig prosess for alle, der du sikrar at eigedelane vert overført på ein måte du sjølv ønskjer. Under arveplanlegginga er det nokre nøkkelfaktorar og element som er viktige å vurdere og dokumentere, som:

  • Testament

  • Livsforsikringar

  • Eigedomsplanlegging

  • Gåver

  • Skatteplanlegging

  • Fullmakter/framtidsfullmakter

Nedanfor svingar eg kort innom dei ulike punkta, for å gje ein liten smak på kva punkta inneber. Juristen i meg påpeikar at dette er lagt ifrå uttømmande informasjon, det må lærebøkene ta seg av.

Testament

Oppretting av testament er ein grunnleggjande del av arveplanlegginga. Her definerer du ønskja dine, korleis eigedelane skal fordelast, særeige for arvingane mm. Kanskje oppdagar du at du ikkje kunne gjere slik du ønskjer fordi pliktdelsarva set grenser?

Fleire har ein moderne familiesamansetning med mine, dine og våre barn. I desse tilfella bør ein vere særleg OBS på arvelova sine reglar om kven som faktisk er tilgodesett og ikkje. Særkullsbarn arvar deg ikkje i tråd med lova. Arv etter testament kan til dels jamne ut forskjellen mellom barn og særkullsbarn. Dersom formuen er stor, kan forskjellen utjamnast i sin heilskap.

Har du rett til å sitje i uskifta bu, og kva inneber dette eigentleg? Kanskje ønskjer de at ektefellen skal kunne sitje i uskifta bu med særkullsbarna? Dette må i så fall dokumenterast på riktig måte.

Livsforsikringar

Har du sjekka kven som er tilgodesett i livsforsikringane dine? Dette er ein avtale mellom deg og forsikringsselskapet, og utbetalinga frå forsikringsselskapet er ikkje ein del av arva etter deg. Arvelova sine reglar gjeld såleis ikkje. Livsforsikringar kan vere ein viktig del av arveplanlegginga dersom til dømes pliktdelsarva hindrar deg å testamentere det du ønskjer.

Eigedomsplanlegging

Eigedomsplanlegging handlar om korleis og ev. på kva tidspunkt du ønskjer å overføre t.d. heimen, hytta, verdipapir, mm til arvingane dine. Skal overføringane vere ei gåve i levande live, eller forskot på arv? Eller er det mest gunstig å vente til arv etter deg skal fordelast?

Gåver

Kva kan du eigentleg gje bort medan du lever? Svaret er i utgangspunktet alt, til den du måtte ønskje. Arvelova gjeld berre for dødsdisposisjonar – det som skal skje etter at du har gått bort. Men ver obs, den som sit i uskifta bu kan ikkje gje bort det den måtte ønskje. Arvelova set avgrensingar for kva attlevande kan gje/testamentere bort.

Dersom gåve skal givast, så vil det vere hensiktsmessig å skrive gåvebrev. Dette for å unngå konfliktar og/ eller uklarleikar. I gåvebrevet kan du t.d. definere vilkår for gåva, som t.d. særeige.

Skatteplanlegging

Skatteplanlegging: Kva medfører eigentleg disposisjonen du gjer skattemessig? Er det nokre skatteulemper å overføre eigedom i levande live? T.d. må dokumentavgift betalast dersom eigedom vert overført som forskot på arv. Dersom overføringa skjer etter arvelatar sin død, kan ein bli fritatt frå dokumentavgift. Om du har stor formue kan overføring av eigedom i dag føre til at du unngår arveskatt om det blir innført i framtida.

Framtidsfullmakt

Dei fleste har nok registrert ordet framtidsfullmakt. Men kva er det eigentleg? Ei framtidsfullmakt definerer kven som kan handle på dine vegner når du kjem i ein slik situasjon at du ikkje maktar å vareta dine eigne interesser lenger. Det finst generelle fullmakter, men ei fullmakt som er individuelt tilpassa vil nok sikre deg på best mogleg måte. Framtidsfullmakter er noko alle bør ha, inkludert oss under 40.

Avslutningsvis – start planlegginga

Arveplanlegginga kan vere ein kompleks prosess og individuelle forhold varierer. Poenget er å få deg til å reflektere over korleis du ønskjer at eigedelane dine skal fordelast etter at du er død. Kanskje det er på tide å lage ein plan for å ta vare på verdiane du etterlet deg, slik at det blir mest mogleg slik du har tenkt.

 

Denne artikkelen stod på trykk i spalta Lov og Rett i Sogn Avis 07.04.24

 

Silje Flugheim Heggestad er partner i Advokatfirmaet Tollefsen og er sentral i faggruppa for forretning. Ho jobbar mest med rådgjeving innan kontrakt- og selskapsrett, transaksjonar og arbeidsrett.