Ny dom i Høgsterett - Dagleg leiar holdt personleg ansvarleg då selskapet ikkje kunne betale rekninga

Høgsterett avsa 27. mai 2026 dom i sak

HR-2026-1181-A kor dei slår fast at dagleg leiar

kan bli personleg

ansvarleg for tap

dersom han eller

ho gjev villeiande opplysningar om

selskapet si betalingsevne.

Dommen klargjer grensene for leiinga sitt

handlingsrom i økonomiske krisesituasjonar

og understrekar betydninga

av open og korrekt kommunikasjon med kontraktspartar.

 
 

Oppsummering av saka

Saka gjeld personleg erstatningsansvar for dagleg leiar og einestyremedlem i eit aksjeselskap som kjøpte varer på kreditt, men viste seg å vera ute av stand til å betala.

Saka gjeld eit selskap i byggebransjen som sommaren 2022 bestilte varer på kreditt til eit konkret prosjekt. Leverandøren stilte spørsmål om selskapet si finansiering, og dagleg leiar stadfesta at denne var i orden. Varene vart deretter leverte og fakturerte.

Betaling uteblei, og det vart etter kvart klart at selskapet hadde store økonomiske problem. Drifta vart stansa hausten 2022, og selskapet gjekk konkurs i januar 2023. Insolvensen vart seinare antatt å ha inntruffe allereie i 2021.

Leverandøren tok ut søksmål mot dagleg leiar personleg. Tingretten frifann, men lagmannsretten dømde leiaren til å erstatta tapet. Saka vart deretter brakt inn for Høgsterett, som stadfesta lagmannsretten si avgjerd. Grunnlaget for ansvaret var at dagleg leiar hadde gjeve villeiande opplysningar om selskapet si finansiering, i strid med lojalitetsplikta i kontraktsforhold.

Partane sine anførsler

Dagleg leiar anførte i hovudsak at aksjeselskapsforma byggjer på ansvarsavgrensing, og at det krevst «noko særskilt» for å etablera personleg ansvar. Ansvaret må vurderast ut frå situasjonen på handlingstidspunktet, og det må vera høve til å freista å redda verksemda, sjølv ved økonomiske problem, utan å risikera personleg ansvar.

Leverandøren anførte på si side at selskapet og leiinga har opplysningsplikt overfor avtalepartane ved økonomiske problem. Det vart gjort gjeldande at dagleg leiar opptredde uforsvarleg ved å bestilla varer på kreditt i ein insolvent situasjon og utan ein realistisk betalingsplan. Uansett meinte leverandøren at det var ansvar fordi det vart gjeve positivt uriktige opplysningar om betalingsevna.

Høgsterett sitt syn på saka

Høgsterett tok utgangspunkt i aksjelova § 17-1 og tidlegare praksis, særleg HR-2017-2375-A (Ulvesund), der det går fram at personleg ansvar kjem an på ei konkret vurdering av skuld, altså om leiaren kunne bebreidast for å ikkje ha handla annleis.  Retten framheva at selskapet etter omstenda har plikt til å opplysa om sviktande betalingsevne overfor kontraktspartar. Samstundes vart det understreka at leiinga har eit visst handlingsrom til å freista å redda verksemda.

I den konkrete vurderinga la Høgsterett til grunn at selskapet var insolvent allereie då bestillinga vart gjord, og at dagleg leiar hadde svak økonomisk kontroll og mangla realistiske planar for å betre økonomien i selskapet. Dette talte i retning av ansvar.

Høgsterett fann det likevel ikkje naudsynt å ta endeleg stilling til om desse forholda åleine var tilstrekkelege. Det avgjerande var at leverandøren eksplisitt spurde om finansieringa, og at leiaren svara:
«Finans er ok, det skal du ikkje bekymra deg for».  Dette svaret vart rekna som klart villeiande. Høgsterett uttalte at det ligg i kjernen av lojalitetsplikta i kontraktsforhold å avstå frå å gje uriktige eller villeiande opplysningar. Brot på denne plikta, forsettleg eller aktlaust, inneber eit nærliggjande grunnlag for ansvar.

Vidare vart det lagt til grunn at leverandøren ikkje ville ha inngått avtalen dersom korrekt informasjon var gjeven. Årsakssamanheng og økonomisk tap var dermed oppfylt.

På denne bakgrunnen konkluderte Høgsterett med at dagleg leiar var personleg erstatningsansvarleg, og anka vart forkasta.

Ifølgje Høgsterett er det tre sentrale poeng å vurdere om ein leiar kan holdast personleg ansvarleg:

  1. Leiinga bør ha eit visst handlingsrom til å freiste å redde verksemda, utan at dette skapar eit personleg ansvar

  2. Under vanlege forhold er det ikkje grunn for personleg ansvar så lenge leiinga har på forsvarleg grunnlag tenkt at verksemda var insolvent.

  3. Personleg ansvar for ikkje å ha varsla kreditorane om at selskapet vart insolvent, gjeld ikkje om det var eit realistisk håp om å kunne redde verksemda frå konkurs, og leiinga jobba aktivt og lojalt for å redde verksemda

Saka si betydning for verksemder

Dommen gjev fleire viktige avklaringar:

For det fyrste vert det slått fast at opplysningsplikta har ein kjernefunksjon i kvart kontraktsforhold , ved at det er eit grunnleggjande krav at parten ikkje gjev uriktige eller villeiande opplysningar. Brot på dette kan i seg sjølv etablera personleg ansvar for selskapsleiinga.

Vidare fastset Høgsterett at leiinga har eit handlingsrom i vanskelege tider, men at dette handlingsrommet har sine absolutte grenser. Sjølv om leiinga har eit visst rom til å freista å redda verksemda, fritek dette ikkje for ansvar dersom ein aktivt gjev misvisande informasjon.

Endeleg kan det utleiast av dommen at det vil vera ein strengare ansvarsnorm ved aktive utsegner enn i andre tilfelle. Medan passiv unnlating av å informera kan byggja ansvar etter eit skjønn, vil uttrykkjelege (og uriktige) forsikringar om betalingsevne lett leia til ansvar.

Reint praktisk er det ikkje nokon tvil om at dommen tilseier at selskapsleiinga må ha ei skjerpa medvit kring sin kommunikasjon med leverandørar i økonomiske krisesituasjonar, samstundes som Høgsterett med dette understrekar behovet for nøktern og korrekt informasjon.

Samla sett tydeleggjer Høgsterett med dette at lojalitetsplikta i kontraktsforhold set klare grenser for kva opplysningar selskapsleiinga kan gje, og at brot kan få direkte personlege konsekvensar.

 

Advokat Kristine Geirsdatter Celius

Advokat May Linn Sandvik

 
Forrige
Forrige

EUs nye cybersikkerhetsdirektiv kommer – er virksomheten din klar?

Neste
Neste

Så du har lyst til å kjøpe eit selskap eller ei verksemd – kva no?