Generasjonsskifte gir utfordringar

Overføring av gardsbruk mellom generasjonar kan by på fleire utfordringar, både praktisk, kjenslemessig, juridisk og i skattesamanheng. Dette gjer at det er viktig å planlegge slike prosessar i god tid, samt å kjenne til dei forskjellige grepa ein må ta undervegs. Vi har sett mange eksempel på krevjande konflikt som kan oppstå når dette ikkje blir gjort.

Start prosessen i god tid

Dersom du startar prosessen i god tid, og ikkje minst medan du har tid og overskot til å gjennomføre potensielt vanskelege samtalar med neste generasjon, kan du spare deg mykje konflikt og usemje i familien. Dette gjer det og mogleg å involvere andre partar og familiemedlem tidleg, slik at alle føler dei er inkludert og får høve til å ta del i prosessen. Det er ei dårleg løysing å ta dette arbeidet når du kan ha blitt svekka av alder og redusert helse

 

Vær obs på dei mellommenneskelege delane av skiftet

Det er ikkje uvanleg at det oppstår usemje og konflikt mellom dei forskjellige partane i eit generasjonsskifte. Kven er for eksempel eigentleg sjef på garden etter eit skifte viss den eldre generasjon skal bli buande i kårbustad ? Det kan til tider vere vanskeleg for seljaren å gi opp kontrollen på garden ein har passa i mange år. Det er og opning for konflikt mellom kjøpar og søsken. Sal av ein slektsgard er ofte knytt til sterke kjensler, i tillegg til at søsken treng å føle at dei blir rettferdig behandla. Dette gjer at det er viktig at alle parter i eit skifte er bevisst på dei emosjonelle sidene ved eit skifte, og at kommunikasjonen er god og konstruktiv. Dette kan ofte ein ekstern rådgjevar bidra med blir handtert på ein konstruktiv og god måte, ikkje minst ved å sørgje for at alle involverte får god og balansert informasjon.

Legg opp eigarskifte etter din situasjon

Overdraginga treng ikkje skje fullt ut i ein operasjon, men kan etter tilhøva skje trinnvis og med ulike samarbeidsmodellar mellom seljar og den yngre generasjonen. Verdisettinga og oppgjer for gardsbruket er sentralt. Det er viktig å ordne med ein grundig og god landbrukstakst som alle kan ha tillit til er reell og ikkje påverka av den enkelte si særinteresse. Ved overdraging i familien kan det bli stor forskjell på verdien og det som skal betalast for garden. Kanskje skal det vere frådrag for burett og kår, delar av verdien overførast som forskot på arv, eller som ei gåve frå foreldra til arvingen ? Skal seljaren site att med ein kjøpesum, eller skal andre søsken også ha gåve eller forskot på arv utdelt samstundes ? Her er det igjen viktig med god kommunikasjon mellom partane, og vi ser at innspel frå rådgjevar kan være særleg nyttig for å foreslå løysingsalternativ og tilpasse eigarskiftet best mogleg til den individuelle situasjonen.

 

Skatteforhold

Eit viktig mål i eigarskifte er som nemnt å ha oversikt over dei skattemessige konsekvensane av overdraginga. Utgangspunktet er at gevinst i næring er skattepliktig, men det er oppstilt unntak for skatteplikt ved overføring av gardsbruk til slekt for ein rimeleg pris. Gjer ein dette på rett måte, vil seljaren sleppe gevinstbeskatning.

Dei val som seljaren gjer med omsyn til skatt, vil også påverke kjøparen som ved denne typen overdraging med gåveelement vil overta seljaren sin skattemessige posisjon ved at det blir kontinuitet i skatteforholdet.

Arveavgifta vart avskaffa i 2014, men der er framleis dokumentavgift med 2,5 % av den fulle verdien av gardsbruket.

Advokat

Arvid Mellingen

Adv. Arvid Vamråk Mellingen er partner i Advokatfirmaet Tollefsen og er regelmessig bustyrar i dødsbu og arbeider med arverett. Han arbeider elles med fast eigedoms rettsforhold, generasjonsskifte, ekspropriasjon- og skjønn, jordskiftesaker og tvisteløysing for domstolane.

Treng du bistand eller ynskjer du rådgjeving i forbindelse med generasjonsskifte eller anna skifte av eigedom?

Fyll ut kontaktskjema og vi tek kontakt med deg så snart vi kan: