Advokatfirmaet Tollefsen er medlem av Eurojuris Norge, eit landsdekkjande nettverk av sjølvstendige advokatfirma. Gjennom nettverket får vi tilgang til eit stort juridisk fagmiljø, samstundes som vi beheld den lokale tilknytinga og nærleiken til klientane våre. Sist veke deltok partner Kristine Celius, advokatfullmektig Elling Aas Nakken og advokat Ole Kristian Evebø på Eurojuris Norge sitt årlege haustmøte i Oslo, der både fagleg utvikling, erfaringsutveksling og nettverksbygging stod på programmet.
Du kan sjå ein video som oppsummerar samlinga nederst på denne sida.
Lokal forankring – nasjonal kompetanse
Som advokatfirma med kontor i Sogndal, Førde og Florø er vi opptekne av å tilby juridiske tenester av høg kvalitet, både til privatpersonar og næringslivet i regionen.
Gjennom Eurojuris har vi eit landsdekkjande og internasjonalt nettverk av advokatkollegaer med kompetanse innan ei rekkje rettsområde. Det gir oss verdifulle moglegheiter til å diskutere juridiske problemstillingar, utveksle erfaringar og samarbeide på tvers av kontor og fagfelt. VI kan også tilby klientane bistand internasjonalt dersom dei skulle ha behov for det.
For klientane våre betyr det at dei får ein lokalt tilgjengeleg advokat, med eit større fagmiljø i ryggen når det trengst.
Eit nettverk for både unge advokatar og leiarar
Årets haustmøte baud på eit variert fagprogram, med tema som kunstig intelligens i advokatbransjen, rettstryggleik, digitale identitetsløysingar og praktiske utfordringar i advokatkvardagen.
Ein viktig del av haustmøtet er også dei ulike faggruppene, der advokatar med særleg interesse for eit rettsområde møtest for faglege diskusjonar og erfaringsutveksling. Denne gongen deltok Elling på faggruppa for arbeidsrett, Ole Kristian på faggruppa for personrett og Kristine på faggruppa for fast eigedom. Slike samlingar gir høve til å drøfte konkrete juridiske utfordringar med kollegaer som arbeider med liknande saker andre stader i landet.
Eurojuris legg også til rette for fagleg og personleg utvikling i ulike fasar av advokatkarrieren.
Elling og Ole Kristian deltok på Jurismus, Eurojuris sitt eige tilbod til yngre advokatar og advokatfullmektigar. Her var mellom anna suksess, praktiske råd om prosedyre og prestasjonskultur tema, med foredrag frå Tom Stiansen, høgsterettsadvokat Marius Hvitmyhr og Morten Kolek.
Kristine, som sit i styret i Eurojuris Norge, deltok på nettverket si leiarsamling. Her vart det mellom anna diskutert korleis kunstig intelligens påverkar rekruttering, talentutvikling og framtidas kompetansebehov, og korleis ny teknologi kan endre advokatfirma sine forretningsmodellar.
Dette er spørsmål som er viktige både for utviklinga av vårt eige firma og for advokatbransjen som heilskap.
Like viktig å møtast utanfor møterommet
Eit godt nettverk blir ikkje bygd gjennom faglege foredrag åleine.
Haustmøtet baud også på gode samtalar, felles måltid og sosialt samvær med kollegaer frå andre firma. Det gir rom for å bli betre kjende, dele erfaringar om advokatkvardagen og knyte kontaktar som ein kan ha glede av lenge etter at samlinga er over.
For oss er dette ein viktig del av verdien ved å vere medlem av Eurojuris. Vi får fagleg inspirasjon, nye perspektiv og eit kollegialt fellesskap som strekkjer seg langt utover våre eigne kontor.
Vi reiser heim med ny kunnskap, gode opplevingar og eit endå sterkare nettverk i ryggen. Det kjem både oss og klientane våre til gode.