Bruk av bilete av tilsette i marknadsføring - juridiske råd frå advokat
Advokatfirmaet Tollefsen bruker ofte bilete av eigne tilsette i eiga marknadsføring.
Mange små og mellomstore verksemder brukar bilete av eigne tilsette i marknadsføring, til dømes på nettsider, i sosiale medium eller i annonsar. Advokatfirmaet Tollefsen er sjølv eit godt døme på dette. Dette kan gi eit personleg preg og styrke tilliten hjå kundane.
Men kva skjer eigentleg når ein tilsett sluttar? Kan du framleis bruke bileta, eller må dei fjernast? Kva seier lova, og kva bør du som arbeidsgivar eller leiar gjere for å unngå juridiske problem?
Dom frå Oslo tingrett - om personvern, samtykke og bruk av bilete i marknadsføring
I februar 2025 behandla Oslo tingrett ei sak (TOSL-2024-191907) mellom eit omsorgsselskap og ein tidlegare tilsett. Selskapet hadde brukt bilete av den tilsette i marknadsføring, både i aviser, på nettsider og i sosiale medium. Då den tilsette slutta, bad han om at bileta skulle fjernast. Selskapet meinte dei kunne halde fram med å bruke bileta, sidan dei hadde brukt tid og pengar på fotograferinga. Retten var ueinig, og tilkjende den tidlegare tilsette 20 000 kroner i erstatning og vederlag for ulovleg bruk av bileta etter at samtykket var trekt tilbake.
Dommen slår fast at samtykke til bruk av bilete kan trekkjast tilbake når som helst. Dette gjeld sjølv om verksemda har investert i fotografering og marknadsføringsmateriell. Når ein tilsett ber om at bilete blir fjerna etter at arbeidsforholdet er over, må verksemda respektere dette og slette bileta frå nettsider og sosiale medium. Viss ikkje, kan det føre til erstatningsansvar.
Retten la òg vekt på at det ikkje var inngått nokon skriftleg avtale om bruk av bileta etter at arbeidsforholdet var avslutta. Samtykke kan givast munnleg eller skriftleg, men det må vere tydeleg kva det omfattar, og det kan altså trekkjast tilbake. Dette gjeld både etter åndsverklova og personopplysnigslova (GDPR).
Kva kan dette betyr for di verksemd?
Sørg for å innhente samtykke frå tilsette om bruk av bilete i marknadsføring. Ein skriftleg avtale vil sikre dokumentasjon, og bør seie noko om kor lenge bileta kan brukast, og kva som skjer viss den tilsette sluttar. Ein advokat kan hjelpe deg med å utforme slike avtalar i tråd med GDPR og åndsverklova.
Hugs at samtykke kan trekkjast tilbake. Ver budd på å måtte fjerne bilete viss ein tilsett krev det.
Vurder om det er nødvendig å bruke eigne tilsette, eller om det kan vere tryggare å bruke innleigde modellar/statistar med eigne avtalar.
Ha gode rutinar for å slette bilete frå nettsider og sosiale medium viss samtykket blir trekt tilbake, og vurder å få juridisk bistand ved tvil om reglane.
Ta gjerne kontakt med Advokatfirmaet Tollefsen dersom du har spørsmål om personvern, bruk av bilete eller treng juridisk hjelp til avtalar og GDPR.
Advokat og partnar Kristine Geirsdatter Celius har arbeidd som advokat i Advokatfirmaet Tollefsen sidan 2017.
1. juli 2023 gjekk ho inn som partnar og styremedlem i Advokatfirmaet Tollefsen.
Celius har brei kompetanse frå ulike juridiske fagfelt og arbeider med tvisteløysing på tvers av firmaet sine forretningsområder. Ho er leiar for faggruppe for forretning og bistår klientar med spørsmål innanfor kontrakts- og selskapsrett, immaterialrett, fast eigedom og tingsrett.
Celius er ein av to advokatar hos oss med forsikring som meklar, og bistår med alt frå salg av næringseigedom til rene eigedomsoppgjørsoppdrag for privatpersonar. Ho vert også janmleg oppnemnt som medhjelpar i tvangssalsaker for Sogn og Fjordane tingrett.
I tillegg til bakgrunn som dommarfullmektig i Sogn og Fjordane tingrett, var Kristine advokatfullmektig i tvisteavdelinga hjå Advokatfirmaet Thommessen i Oslo der ho var tilknytt immaterialretts-, media- og marknadsføringsgruppa.
Kontakt:
Tlf.: 97 69 72 51
E-post: kristine@advokat-tollefsen.no