Visste du at regjeringa har foreslått å fjerne bedriftsinterne aldersgrenser?
I oktober 2024 la regjeringa fram eit forslag om å endre arbeidsmiljølova sine reglar om bedriftsinterne aldersgrenser med høyringsfrist den 7. januar 2025. Dersom dette forslaget blir vedteke, kan det få konsekvensar både for arbeidsgjevarar og arbeidstakarar. Men kva betyr dette eigentleg for di verksemd?
Dagens løysing
Per i dag har arbeidsmiljølova ei fast aldersgrense på 72 år, som markerer kortid ein arbeidstakar mistar sitt oppseiingsvern. Det vil seie at arbeidsgjevar kan avslutte arbeidsforholdet utan vidare.
Lova gjev likevel verksemder moglegheit til å fastsetje eigne interne aldersgrenser, så lenge desse ikkje er lågare enn 70 år. Føresetnaden er at aldersgrensa er gjort kjent for dei tilsette, vert praktisert konsekvent og at arbeidstakar har ei tilfredsstillande pensjonsordning.
I enkelte tilfelle kan det også fastsetjast ei lågare aldersgrense enn 72 år, dersom dette er naudsynt av omsyn til helse og tryggleik.
Ved lågare bedriftsinterne aldersgrenser er det krav til at denne må vere sakleg grunngjeve og ikkje uforholdsmessig inngripande. Regjeringa foreslår no å fjerne bedriftsinterne aldersgrenser, slik at tilsette ikkje kan seiast opp grunna alder før arbeidstakar har fylt 72 år.
Kvifor er endringa foreslått?
Bedriftsinterne aldersgrenser gjev arbeidsgjevarar større fleksibilitet, men kan samtidig hindre arbeidstakarar som ønskjer å stå lengre i jobb. Regjeringa argumenterer for at slike grenser er i ferd med å bli utdaterte, særleg no som aldersgrensa i staten skal aukast til 72 år. Det vil dessutan vere vanskeleg å forsvare at privat sektor kan ha lågare grenser enn staten.
Det er verdt å merke seg at unntaket for aldersgrenser av omsyn til helse og tryggleik framleis vil gjelde, men dette er ein snever unntaksregel.
Kva kan dette bety for di verksemd?
Dersom forslaget blir vedteke, må verksemder som i dag har interne aldersgrenser på 70 år endre sin praksis. Inntil vidare kan private verksemder framleis operere med slike aldersgrenser, føresett at vilkåra for dette er oppfylt.
For å sikre at dei tilsette er godt informerte om interne aldersgrenser, er det lurt å inkludere dette i arbeidsavtalar eller personalhandbøker.
Har du spørsmål om korleis dette påverkar di verksemd?
Vi bistår gjerne med rådgjeving og rettleiing for å sikre at di verksemd er godt førebudd på eventuelle regelendringar. Ta kontakt med oss i dag for ein uforpliktande samtale.
Advokat Hanne Dale Sellevold har kompetanse frå ulike juridiske fagfelt, hovedsakleg innanfor erstatningsrett, forvaltningsrett, offentlige anskaffelser og spørsmål knytt til fast eigedom. Hanne Dale Sellevold er tilknytta faggruppe forretning.
Kontakt:
Tlf.: 98869012
E-post: hanne.sellevold@advokat-tollefsen.no