Arveoppgjer og eigedomar – kva kan du bestemme sjølv?

Konflikt om eigedomar i samband med arveoppgjer er ofte advokatmat. Visste du at du kan ta grep for å hindre konflikt medan du framleis er i live?

Ofte utgjer fast eigedom den største verdien i eit dødsbu. Dersom avdøde ikkje har skrive testament, er det arvingane som må bli einige om kva som skal skje med eigedomen.

Alternativa er mange; eigedomen kan seljast, ein arving kan overta mot å kjøpe ut dei andre, eller fleire kan overta eigedomen i lag. Dersom arvingane ikkje vert einige, vil alle bli sameigarar ilag. Dersom meir enn ein overtar saman oppstår det eit sokalla sameige. Reglane for eit slik sameige fylgjar av sameigelova.

Eit sameige kan for mange fungere bra, og mykje kan løysast med ein god sameigeavtale. Me advokatar er likevel ofte involvert i saker om sameige som ikkje fungerer bra. Det kan vere usemje om vedlikehald; ein sameigar vil byte kledning, medan den andre ikkje har råd. Ulik fordeling av bruk mellom sameigarane kan også vere ei kjelde til konflikt, og nokre gonger ynskjer eigentleg fleire av arvingane å ha eigedomen aleine. Ved slike konflikter kan hyttekosen ein såg føre seg ved etableringa av sameiget fort utebli.

Livsarvingar er direkte etterkomarar etter avdøde, det vil si barn, barnebarn og oldebarn. Med pliktdelsarv meinast arva som livsarvingane har krav på etter lova – enten avdøde vil det eller ikkje. Pliktdelsarva er 2/3 av det arvelataren etterlet seg, og skal fordelast likt mellom livsarvingane. Ein kan ikkje i testament bestemme at nokon andre skal få av denne arva. Men ein kan avgrensa pliktdelsarva til 15 gonger folketrygdas grunnbeløp per livsarving. Pr. 1.5.2021 er grunnbeløpet kr 106 399, noko som gir ei pliktdelsarv på ca. 1,6 millionar kroner per barn. Ein kan skrive eigne artiklar om avgrensing av pliktdelsarv, men det er ikkje hovudtema for denne artikkelen.

Om du har barn, og ikkje ynskjer at dei skal bli sameigarar, kan du etter den nye arvelova avgjere kven av barna som skal har rett til å overta eigedomen. Løysinga er å skrive det i eit testament.

Etter gammal arvelov var det ikkje lov til å testamentere hytta til eit av barna dersom verdien av hytta var så høg at pliktdelsarva til dei andre barna ikkje kunne bli oppfylt. Dette gjaldt, sjølv om det var skrive i testamentet at den som arva eigedomen måtte betale ut sine sysken. I slikt tilfelle ville føresegna i testamentet kunne bli kjent ugyldige, pga. krenking av dei andre syskena si pliktdelsarv.

Ved utarbeidinga av den nye arvelova ville lovgjevar gjera det enklare å fordele arv mellom livsarvingane, og slik gjera arveoppgjer smidigare. Har du tankar om kven av arvingane som skal få overta ein eigedom, eller andre særskilte eigedelar, kan du no bestemme dette i testament, jf. arvelova § 51.

Den eine måten å gjera det på er å bestemme at arvingane som ikkje skal få eigedomen, skal få si arv i kontantar. Då vil dei andre arvingane kunne overta eigedelane, om naudsynt mot å betale ut den første. Den andre måten er å bestemme at ein av arvingane skal overta ein særskilt eigedel, til dømes ein eigedom. Viss eigedomen er verdt meir enn arvingen sin rett til arv, skal arvingen etter lova no betale mellomlegget til dei andre.

Sjølv om eigedomen utgjer heile dødsbuet, kan arvelatar i testament bestemme at den skal gå til ein bestemt livsarving, forutsett at vedkommande har økonomisk moglegheit til betale ut dei andre. Eit testamente gir ikkje arvingen plikt til å overta, berre ein rett.

Sidan du har fridom til å bestemme kven som skal arve ein eigedom, har du også moglegheit til å setje vilkår for at arvingen skal overta eigedomen. Til dømes kan du fastsetje vilkår om bruksrett for andre arvingar, forbod mot utleige, føresegn om forkjøpsrett med meir. Dersom arvingen ikkje ynskjer å arve eigedomen under dei føresetnadene du har sett, har arvingen rett til å avstå frå å arve eigedomen, og i staden ta i mot arv i form av andre eigedeler eller kontantar.

Du kjennar din eigen familie best, og kanskje er det best om arvingane finn fram til gode løysingar sjølve?

Uansett kva slags løysning ein vel, er det viktig at løysingar som avvik frå arvelova sitt utgangspunkt vert fastsett i eit testament, og at dette oppfyller arvelova sine formkrav. For å sikre dette og unngå tvil om kva som er meint, bør ein rådføre seg med advokat.

Og hugs: Ingen andre enn du sjølv (og eventuelt advokaten din) treng å vite kva som står i testamentet ditt medan du lever.