Nye lokaler og vidare satsing i Førde

I september 2021 flytta vi inn i nye, moderne lokaler i Førde sentrum. Det vart markert med artikkel i nettavisa iFørde.

Totalt er vi nå 13 tilsette i Sogndal og Førde, og vi har kundar frå heile Sogn og Fjordane.

Med 10 advokatar er vi store nok til at kvar advokat kan spisse seg på sine felt og matche kompetansen til advokatar i større nasjonale selskap. Dermed treng verken bedrifter eller privatkundar reise over bekken etter advokattenester.