Korleis unngå konflikt med handverkaren

Unngå konflikt med handverkaren

Kvart år hamnar mange norske forbrukarar i konflikt med handverkaren.

Døme på typiske tvistar er usemje om pris, om arbeidet er mangelfullt utført og kva ein i så fall kan krevje. Med nokre enkle grep kan du unngå å hamne i dei vanlegaste fallgruvene. Korleis kan du lese meir om nedanfor.

Advokat Reidun Sæle Kongsvik

Inngå skriftleg avtale

Mange tvistar kunne vore unngått dersom partane hadde inngått ei skriftleg avtale om oppdraget. Ei avtale gjer det enklare å slå fast kva partane har blitt einige om, og gjer at du står sterkare ved ein eventuell konflikt.

Kor omfattande avtalen skal vere må tilpassast typen og størrelsen av oppdraget. Ei avtale om totalrenovering av ein bustad bør sjølvsagt vere langt meir detaljert enn ei avtale om montering av ein skuvedørsgarderobe. Som eit utgangspunkt bør avtalen likevel alltid vere detaljert nok til at begge partar får ei klår oppfatning av kva som skal utførast, til kva tidspunkt og til kva pris.

Om ein vel å ikkje nytte ein formell kontrakt, bør ein i det minste passe på å avtale skriftleg, til dømes per e-post, kva ein er einige om. Det er viktig å hugse på at avtalen og/eller den skriftlege kommunikasjonen skal kunne tene som bevis dersom det seinare blir tvist. Fråværet av skriftleg dokumentasjon vil ofte gjere det vanskelegare å nå fram med eit krav.

Sørg for dialog og oppfølging undervegs

Eit anna nyttig råd er å sørgje for god dialog med handverkaren og å følgje med på utføringa av arbeidet. På den måten kan eventuelle feil og misforståingar bli avdekka på eit tidleg tidspunkt, og naudsynte justeringar kan setjast i verk. Ved å vere til stades på byggeplassen kan ein til dømes oppdage om muraren har bestilt feil type flis, og på den måten hindre at arbeidet blir mangelfullt utført.

Det er viktig å vite at sjølv om det ligg føre ein mangel ved handverkaren sitt arbeid, så vil du ikkje i alle tilfelle kunne krevje retting. Dersom retting vil føre til «urimeleg kostnad eller ulempe» for handverkaren, vil du måtte nøye deg med eit forholdsmessig prisavslag. Dette vil typisk gjelde i situasjonar der mangelen først og fremst er av estetisk art. Døme på ein slik situasjon finn vi i

Forbrukerklageutvalget si avgjerd FTU-2013-1398 som gjaldt legging av nytt tak. Handverkaren la takstein med feil farge, men forbrukaren fekk likevel ikkje medhald i sitt krav om at taket skulle verte lagt på nytt med riktig farge.

Reklamer i tide

Skulle det vise seg at det utførte arbeidet har ein mangel, må du melde frå til handverkaren innanfor lova sine fristar. Det er dette som vert kalla for å reklamere. Lova opererer med to ulike reklamasjonsfristar som begge må overhaldast; den relative og den absolutte. Konsekvensen av at det ikkje blir reklamert i tide, er at du mister retten til å gjere mangelen gjeldande. Det inneber at du til dømes ikkje kan krevje retting eller prisavslag.

Den relative reklamasjonsfristen slår fast at du må melde frå til handverkaren innan rimeleg tid frå då mangelen vart eller burde ha vorte oppdaga. Kva som skal reknast som rimeleg tid vil variere frå sak til sak. Generelt kan det likevel seiast at du må melde frå så snart som råd er.

Den absolutte reklamasjonsfristen er to år for arbeid på ting. Dersom resultatet av tenesta eller deler av den er meint å vare vesentleg lengre, er fristen likevel fem år. Det same gjeld for arbeid på fast eigedom. Den absolutte reklamasjonsfristen skal, til forskjell frå den relative, reknast frå avslutninga av oppdraget.

Det gjeld ingen formkrav til ein reklamasjon, men av bevismessige omsyn bør du reklamere skriftleg. På den måten vil du hindre at det seinare oppstår tvil om kva du har reklamert på, og om reklamasjonen er sett fram i tide.

Varsle handverkaren før du går i gang med retting av manglar

Skulle det vise seg at det er feil (mangel) ved det utførte arbeidet, kan du som hovudregel krevje at handverkaren skal rette mangelen for eigen rekning. Det mange ikkje veit, er at handverkaren ikkje berre har ei plikt, men også ei rett, til avhjelpe mangelen. Det inneber at du som forbrukar ikkje står fritt til å velje om du vil krevje retting eller prisavslag. Dersom du utan rimeleg grunn avslår handverkaren sitt tilbod om retting, vil krav på prisavslag eller heving vere tapt. Det same vil gjelde dersom du set i gang rettingsarbeid utan at handverkaren er varsla og har fått moglegheit til å tilby retting.

Som hovudregel bør du difor ikkje setje i gang rettingsarbeid på eiga hand, før det er avklart om handverkaren ønskjer å reparere feilen. Unntak kan likevel tenkjast, til dømes dersom det dreier seg om feil som må utbetrast raskt for å hindre ytterlegare skade. Viss det oppstår lekkasje frå eit feilmontert rør, og det ikkje er mogleg å få tak i røyrleggaren som utførte arbeidet, vil du normalt kunne engasjere andre til å rette feilen.

Om du tek i bruk disse råda neste gong du hyrar ein handverkar, skal sjansen for etterfølgjande mistydingar og konflikt vere betydeleg lågare.

Denne artikkelen stod på trykk i spalta Lov og Rett i Sogn Avis 10.02.2024

Les artikkelen her

 
 

Advokat Reidun Sæle Kongsvik er leiar for faggruppe eigedom i Advokatfirmaet Tollefsen.

Reidun har brei kompetanse og erfraring frå mange ulike fagfelt, og arbeider i dag i all hovudsak med fast eigedom og tingsrett her hos oss.

Treng du bistand eller ynskjer du rådgjeving i samband med tenester utført av handtverkarar?

 

Advokat Reidun Sæle Kongsvik