Snørydding og strøing – kven har ansvaret?

Vi er inne i den siste vintermånaden. Med stadige snøfall og skiftande temperaturar, aukar risikoen for glatte fortau og nedfall frå tak.

Men kven har ansvaret for snørydding og strøing? Og kva vert konsekvensane dersom den ansvarlege ikkje etterlever pliktene sine?

Politivedtektene i den einskilde kommune regulerer hus- og grunneigars plikter på dette området. I Sogndal kommune er det til dømes i hovudsak kommunen som har ansvar for å brøyte og strø kommunale vegar med tilhøyrande fortau. Eigar av hus mot offentleg stad pliktar på si side å ta grep for å forhindre, og eventuelt rydde opp etter, is- og snønedfall frå tak. Med offentleg stad er meint mellom anna gate, veg og fortau der det er allmenn ferdsel, eller som er bestemt for allmenn ferdsel. Dette vil typisk omfatte sentrumsområde. Ansvaret for å sørgje for rydding av hustak og fortau, gjeld uavhengig av om huseigar er ein privatperson, eit firma, sameige eller burettslag.

Dersom det er fare for at snø eller is kan falle ned frå hustak, skal huseigaren snarast sørgje for at taket vert rydda. I mellomtida skal det setjast opp avvisarar som gjer det tydeleg at det er farleg å ferdast der. Det er viktig å vere merksam på at avvisarar berre er meint som eit mellombels tiltak, og at det ikkje kan erstatte huseigar sin ryddeplikt.  

Har det først kome nedfall av is eller snø frå taket, pliktar eigaren å rydde fortauet utanfor eigedomen. Snø og is må ikkje kastast ut i køyrebana eller på anna offentleg stad.

Dersom huseigar forsømer pliktene sine til å sørgje for rydding av tak eller fortau, kan politiet setje i verk tiltak på eigaren si rekning. I verste fall risikerer huseigar straff i form av bøter eller fengsel i inntil tre månader. Dersom ein person skadar seg eller i verste fall døyr, kan huseigar dessutan risikere straff i medhald av straffelova §§ 280 og 281. Strafferamma for betydeleg kroppsskade er fengsel i inntil tre år, medan den som aktlaust forårsakar nokon sin død, kan straffast med fengsel inntil seks år.

Dersom ulukka først er ute vil huseigar også kunne bli erstatningsansvarleg dersom han har handla aktlaust. Det kan til dømes tenkjast at nedfall frå tak fører til skade på ein fotgjengar eller bil som står parkert. Aktløyse vil sei at ein har handla i strid med kravet til forsvarleg åtferd på området. Ved aktløysevurderinga er det relevant å legge vekt på om huseigar har oppfylt pliktene sine etter politivedtektene, og om handlemåten er i samsvar med det som er bransjepraksis når det gjeld førebygging av takras.

I «Isklump-dommen» frå 1951 falt ein klump av frossen is eller snø ned frå taket på ein bygard og skada ei forbipasserande dame. Fleirtalet i Høgsterett fann at huseigar hadde sørgja for forsvarleg rydding av taket og at det ikkje var utvist aktløyse. Resultatet blei annleis i ein dom frå 2013 der ein person blei sterkt skada av ein isklump som fall ned frå taket på ein bygard. Dagleg leiar i gardselskapet hadde sørgja for tilstrekkelege tryggleiksrutinar og blei frifunne for ansvar. Leiaren for vedlikehaldsavdelinga hadde på sin side ikkje utført tilstrekkeleg tilsyn og blei dømt til betinga fengsel i 60 dagar.

For å unngå å hamne i ansvar, er det viktig at huseigarar har gode rutinar for å oppdage fare for nedfall og for å setje i verk tiltak. Når vêrtilhøva tilseier det, må huseigar sørgje for å inspisere taket og raskt ta grep for å eliminere risiko. I tilfelle der huseigar har sett ut oppgåvene med tilsyn til andre, er det viktig at huseigar sørgjer for at utførande har tilstrekkelege kvalifikasjonar og utstyr til å gjere jobben. Huseigar må vidare sørgje for at det finst retningsliner for korleis tilsyn og vedlikehald skal utførast.

Denne artikkelen stod på trykk i spalta Lov og Rett i Sogn Avis 26.02.23

Advokat Reidun Sæle Kongsvik er tilsett i Advokatfirmaet Tollefsen AS, Kongsvik arbeider i faggruppa eigedom, og i hovudsak med saker innanfor fast eigedom, tingrett, konkurs- og dødsbuhandsaming

 

Treng du hjelp i forbindelse med fast eigedom?

Våre advokater kan hjelpe, ta kontakt med oss ved å fylle inn dette skjema: