Ny advokatfullmektig - Elly Hilstad Kalland
Elly Hilstad Kalland frå Naustdal har valt å flytte heim til Sogn og Fjordane etter at ho fullførte studiane sine i Bergen. Ho hadde sin første arbeidsdag som advokatfullmektig 18. august 2025.
Elly har mastergrad i rettsvitskap frå Universitetet i Bergen. Ho kjem direkte frå studiane og har levert masteroppgåva «Deltidstilsette sitt vern mot diskriminering ved overtidsbetaling».
I tillegg til mastergraden i rettsvitskap har Elly også eit årsstudium i pedagogikk. Under studiane arbeide ho som sakshandsamar og seinare som leiar for den frivillige rådgjevingstenesta Wayback Bergen.
Ho får kontorstad i Førde, men vil arbeide med saker i heile regionen saman med resten av Advokatfirmaet Tollefsen. Elly vert ein del av faggruppa for forretning, og vil i tillegg arbeide med privatrett innanfor arv og skifte.
Vi ønskjer Elly hjarteleg velkomen til oss!